logo

I modellbransjen

Publisert:
17.06.2018

Men ikkje noko cat walk eller glamorøse kjolar å sjå, sjølv om Melodi Grand Prix står for døra.

Eg får nøye meg med arbeidsforkle.

Likevel, dette er spanande. Endeleg får eg ta til med å lage det eg skal, nemleg delar til Girardonirifla. Eg veit ikkje heilt korleis dette skal gå. Trur det kan vere lurt med ein god foundation før makeupen skal på….

 

Litt rar kjensle. Fram til no har det berre handla om førebuingar, men no kan eventyret ta til for alvor. Eller kanskje ikkje heilt….Fyrst må eg lage ein modell av låskassen i tre, og han må vere ca. 2,5% større enn den ferdige låskassen, sidan messingen krympar når han kjem i sandforma. Eg gjer som Ingrid Espelid, eg ”juksar” litt og kopierar opp arbeidsteikninga mi i 102,5% format. Så snik eg meg inn på barnerommet og røvar til meg limstiften. I krig, kjærleik og stipendiatarbeid er alt tillete…

Det er ein skilnad på 10 grader frå senter løp til senter gjengeparti for trykkluftflaske. Utan denne hellinga ville våpenet vere temmeleg umogeleg å skyte med, så det er best å få hellinga inn i modellen med det same. Stussen bak som skal gjengast vert no først fordreia i bakkskive.

  Etterpå går turen til fresemaskina, der dei fyrste snitta  i modellen vert gjort:

No er me snart klare for handarbeidet:

Eg valde nøttetre til modellen, ettersom det var mange mindre kantar som måtte skjerast inn. Det er lettare å få til i eit litt hardare treslag som nøtt.  Inga avstøyping vert betre enn modellen som ligg til grunn:

Modellen spenner eg så opp på senterspissar.  Det gjer arbeidet mykje lettare:

Å halde linjene i same flukta er ei utfordring. Ein god, kvass bandkniv frå tyske Kirsch er til uvurderleg hjelp her.

For lettare å kunne maskinere låskassen når han er ferdig støypt, limer eg på ei fløy på toppen som vert til eit handtak i messing etter støyping. 

No må støypekassane lagast. Sanden er på veg frå Danmark.

Mr. Sandman, sing me a song....

 

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...