logo

I blanke messingen

Publisert:
07.08.2018

Sommar er ferietid. Alle er bortreist, bortsett frå postmannen og eit par ferjebilletørar.

Sjølv er eg heime i verkstaden, men f ø l e r meg  temmeleg bortreist. For dette er vanskeleg.  Sjette forsøket no. Messingen flyt. Det er no det gjeld….

Juli månad, me nærmar oss august: Det er over tredve grader i skuggen her i Nordhordland og heile bygda ligg i solvarm feriedøs.  Katten viser fornuft og har funne seg ein skuggefull plass under feltessa der det er bittelitt vind. Sjølv  har eg pakka meg inn i tjukke flammehemmande ullklede og har grave fram  det tjukkaste skinnforkleet eg har. Galskap. Rein galskap. Sveitten reinn på innsida.  Vil eg verkeleg dette? Det tvilar eg på, men eg må. No har eg arbeidd med sandformene og messingen i seks veker utan å produsere anna enn skrap.  Og no bør det snart klaffe. Eg har prøvd det meste: Lite olje i sanden, mykje olje i sanden, lite trykk på sanden, meir trykk på sanden. Lufting framme, lufting bak, stort nedløp, lite nedløp. Alltid skjer det noko nytt: Messingen flyt ikkje godt nok, varmar seg for seint opp, sinken brenn opp og små porer dukkar opp der du minst vil ha dei.

 Det er likevel ei trøyst å lese at Girandoni hadde store problem med låskassane sine også:  Han sleit  også med porer. Eg er ikkje åleine. Godt. Og det austerrikske arsenalet skreiv i sin rapport den 10.november 1784 om ”betenkeligheter angående den omstendelige fremstillingsprosedyren” og ville gå Girandoni nærare etter i saumane ettersom han berre hadde laga 58 rifler på eitt år. No er det gått eitt år for meg også  sidan eg starta på prosjektet. Eg slit enno med fyrste låskassen. Hadde eg vore sveinen til Girandoni ville eg ha fått stryk.

 

 

Nei, her er det berre å ta seg kraftig saman. No må det klaffe. (legg merke til papirgardinene i bakgrunnen,typisk indikator på når brannsløkkjaren bør fram).

 

Eit godt innpust. Roleg no. Du har god tid. Bort med slagget. Flussmiddel. Innatt i omnen. Ikkje for lenge. Og så ut med digelen, opp i jiggen. Og støypen går. Det brenn deilig i tysk oljesand og messingen lyser gult mot meg. Eit kvarter går, sjølv om det verkar uendeleg mykje lengre.  Spenninga stig og sveitten boblar fram på panna. Så delar eg forma og kostar sanden av resultatet:

Hæ? Utruleg!  Dette er nesten for godt til å vere sant.  Lurar på om eg skal knipe meg i armen med digeltanga for å dobbelsjekke, men let det klokeleg vere. Men likevel: Eit låskasseemne eg kan bruke.  Som ein femåring med dobbel laurdagsgodtepose dansar eg samba på tregolvet så støvet fyk. Eg kikkar opp: Kona er på veg  nedover  mot verkstaden med kaffi og kake.  Ho har skjønt at det har skjedd noko. Noko stort. Ingen tvil, dette vert MIN dag.  Er dette kjekt eller er dette kjekt? Eg hevar kaffikoppen og skålar mot den blå himmelen. Langt der oppe sit Bartholomeus Girandoni og smilar til meg. 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...