logo

Halleluja

Publisert:
24.10.2018

Pastoren i  radioen seier: ”Husk, folkens, det  er alltid en grunn til å rope høyt HALLELUJA. ”

Det er eg heilt samd i. I dag er for eksempel ein god dag til akkurat det, for eg har akkurat tørka sveitten og kasta skinnforkleet etter siste messingstøyping.

”Piiiiiiiiiiiiiiiinnnnnnnnnggggggg.” Eg slår ein liten dor i sida på låskassen medan eg held han med to fingrar. For ein lyd. Heilt formidabel. Som ivrig hobbymandolinist er eg veldig opphengt i klang, og dette er som å ete kremtoppar med strøsukker på utan å vere redd for diabetes II.  ”Sustain” kallar engelskmennene dette fenomenet, at klangen varar og varar og varar. Tankane mine går til klokkestøyparar som har  hatt dette som kvalitetsprov i mange hundre år med handverk. For meg er klangprøva også eit teikn på kvalitet, no har eg endeleg h e i l t gods tvers gjennom. For ei befriande kjensle.  Eg er djupt takksam for at gjørtlarane Kaare og Bent Ramberg ved Nidaros Metallvareverksted, fantastiske fagfolk  på Bakklandet i Trondheim, tok seg tid til å rettleie ein villfaren handverksbroder. Tusen takk! Samstundes prisar eg amerikansk delingskultur og  er glad det finst menneske som amerikanske C.W.Ammen som har skrive ned sine erfaringar frå over 35 år i faget, vandrande frå støyperi til støyperi over heile det amerikanske kontinentet, stadig på jakt etter ny kunnskap.  Utan desse to kjeldene hadde det teke meg årevis å knekke koden med god støyp.

Låskassen med sine kompliserte, geometriske former var ein liten svenneprøve for meg i gjørtlarfaget. Etterpå var det relativt enkelt å støype avtrekksbøyle og rørker (beslag til pussestokk) til rifla. Utfordringa her var tilstrekkeleg utlufting i forma og detaljar som radiar og kurver. Messingen må ikkje møte for stor motstand når han møter forma, men må strypast gjennom ein kanal for at det ikkje skal oppstå porer. Å finne den rette graden av innsnevring i støypekanalen er noko ein berre kan gjere etter mange gangar med prøving og feiling, for alle former er ulike.

 

Hovudsyndaren i denne leiken var likevel temperaturen.  To hundre grader opp eller ned er vanskeleg å vurdere ut i frå fargen på smelta. Men no har eg oppskrifta:

a)Smelte alle hylsene om til barrar. Då vert overflata mindre og eg får grovreinsa støypen for slagg.

b)Forvarme omnen godt og så få messingen lynkjapt opp i smeltetemperatur før det dannar seg oksid.

c)Flusse smelta skikkeleg og få ut alle ureinleikar.

d)Køyre temperaturen opp i godt 1100 grader før eg tek ut digelen.

e)Helle raskt, bestemt, men ikkje for fort.

Dersom alle desse parametra stemmer, går det som regel bra. Det fascinerande er at ein bitteliten detalj kan velte heile lasset. To dagar med arbeid kan forsvinne i eit tiandedels sekund der ein liten sandklump løyser seg frå forma eller eit rusk fell på feil plass. Eg er vorten litt meir andektig no når eg tek i noko så daglegdags som eit dørhandtak av messing: Ein gong var handtaket berre eit lite holrom inne i ein liten trekasse med elvesand som ein dårleg betalt handverkar nøye hadde stelt i stand med to hender, mykje kjærleik og  eit par enkle skeier han hadde laga seg sjølv. Ein handverkar med ein plan. Og i dag, hundre år etter, står handtaket framleis der. Folk tek i det, men dei har ingen plan om korleis det vart til. Steike, er eg heldig som har fått lære om kunsten å forme nye emne frå  flytande stoff i sand. "Das Urformen". Ordet "konstruktivt" har aldri verka meir ekte. 

Nei, no må eg ut. Katten mjauar. Det er tid for den daglege dosen med Whiskas, kaffivatnet må på kok og snart er det morgonandakt.  Ei svartetrast hoppar rundt i hagen og småbannar fordi børsemakaren til og med har teke dei minste eplene med skurv på. Eg vert mjuk i sjela og delar eit eple med min medskapning. Rett etterpå rungar det eit takkerop over tomta så høgt at katten spring hovudstups over vedstabelen. Nei, det er ikkje far til Emil i Lønneberget, men det høyrest nesten slik ut, for det er ikkje langt til snekkerboden:   

   Hallllleeeeeelllllluuuujaaaaaa!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...