logo

All about that brass...

Publisert:
18.08.2018

At messing er messing kan me blåse ein lang marsj i. Det eg trudde var eit brukbart låskasseemne synte seg å vere noko heilt anna...

Ta ein kikk på dette biletet: Ser heilt porefritt ut, eller?

Jaudå. På overflata ser alt bra ut. Så skal eg til å maskinere låskassen. Eg satsar på å dreie bakre gjengestuss. Dreiebenken var i flittig bruk på Bartholomeus si tid, sjølv om barndomshelten min frå Woolwich, verktymakar Henry Maudslay,  lanserte den moderne ledeskruebenken kring 1800, så eg går ut frå at Bartholomeus må ha gjort det same som meg: Spenne opp emnet i bakkskiva og plandreie bakre enden.  

 Dette ser vakkert ut. Plane, glatte overflater gjer godt i sjela. Så skal eg til å planfrese framre flate: Her ville Bartholomeus brukt shapingmaskin eller ei grov fil, men eg kuttar vekk den fyrste millimeteren med ein 8 mm hardmetallfres. Eg er lett til sinns og nynnar på Eb tuba stemma mi på "Waterloo" til Benny Anderson: Shuffle rock med 144 slag i minuttet. Stødig C. Deilig å vere stipendiat. 

Men lite visste eg at "Waterloo" ville passe så bra. 0,2 mm lengre nede i materien finn eg dette:

 

Porer! Å du store alpakka. 

Benny og Bjørn, de hadde rett:

"And I have met my destiny in quite a similar way
The history book on the shelf
Is always repeating itself"

Kva gjer eg no? Jau, to ting: a) Finne ut kvifor porene kom inn der og b) støype ny låskasse. Eg stemmer i  med Abba:

"And how could I ever refuse
I feel like I win when I lose"

Nemleg. Og eg finn syndaren. Temperaturen. Vanleg messing smeltar på 900-920 grader. Men smeltetemperatur er ikkje det same som støypetemperatur. Det er noko B.Terry Aspin kommenterar i si bok "The Backyard Foundry": "... only careful and experienced observation of the appearance of the metal at pouring temperature will help to produce good castings." Akkurat, ja. Eg sagar gjennom ein messingbit eg har varma til 930 grader i herdeomnen min og finn slaggklumpar inne i elles porefri, perfekt gods. Desse må eg ha ut, elles har eg ingen sjanse....

Tidleg ein laurdags morgon kastar eg meg over prosjekt "bøtteomn": Av eit gammalt koksspann, Heydi eldfast mørtel og ei metallbøtte frå IKEA  som innerforskaling saman med litt hønsenetting som armering støyper eg meg ein miniomn. Til lokk brukar eg dei gamle bremseskivene til Land Roveren som eg boltar saman og støyper rundt med eldfast masse. Eg tek eine injektorbrennaren som eg laga til herdeomnen og tilfører ekstra luft med ei gammal vifte eg fann i kjellaren saman med ein pepperkakeboks. Lengje leve Berthas pepperkaker. Brølet frå brennaren seier sitt, og termometeret eg har kobla til bikkar 1100 grader Celsius. No er messingen tynn og fin som lettmjølk. Men likevel: Messing er ei tøff legering å smelte: Når gasstrykket fell eller det er for lite luft i gassblandinga går temperaturen ned. Sinken brenn opp og smeltepunktet stig. Då må temperaturen vere endå høgare. 

Når sandforma er ferdig, tek eg til med å smelte metallet. Ikkje før. Forma er ekstremt viktig. Og skal ein lage ei god form, må tremodellen vere perfekt. Ingen støyp vert betre enn forma, og inga form vert betre enn modellen. Alt heng saman i ei kausal rekkje og det er ingen rom for feil. Fantastisk, eigentleg. Bartholomeus Girardoni hadde akkurat dei same problema som eg no har, 238 år seinare. Men han hadde ikkje termometer. Og ikkje propangass heller. Han hadde trekol og erfaring i å lese temperaturen i sjølve smelta. Eitt er sikkert: Erfaring er ikkje noko ein har, det er noko ein får. Handlingsbåren kunnskap. Eg varmar messingen med kjærleik, stemmer i ein C-skala på Eb-tubaen og ser etter den kvite røyken. Kvit røyk er ein indikator på at me nærmar oss rett temperatur, for då brenn sinken. Kjenner meg nesten som ein ivrig katolikk på Petersplassen utanfor det sixtinske kapell når den nye paven skal veljast. Den kvite røyken,ja.  Me gjev ikkje opp. Her må det tuba til:

"Waterloo - couldn't escape if I wanted to
Waterloo - knowing my fate is to be with you"

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...