Berit Osmundsen - båtbygger

Dette handlar om skog, sjø, nedarva kunnskap, formforståing og tradisjon.

Tømmer skal bli til båt og eg må vurdere treverk, form, funkjson og kva sjøen og båtbrukaren krev av farkosten. Eg skal "gå inn i " dei gamle seksæringane og åttæringane i båttradisjonen kring Bjørnafjorden. Sette meg inn i bruk og linjeføring, finne og forstå forholda som må stemme overeins i båten.

Etter 2. verdskrig har det mest blitt bygd færingar av denne båttypen. Difor er  mykje av kunnskapen kring dei større båtane ikkje lenger levande. Desse båtane vert bygd utan teikningar eller heilt faste mål, men innanfor eit munnleg og handlingsboren rammeverk overlevert frå eine generasjonen til neste. Mitt hovudmål for dei tre åra eg har framfor meg er å finne rammeverket for båtar større enn færing. På den måten vil eg bli i stand til å bygge desse båtane, utan å bygge kopi av eksisterande båtar, men skape nye båtar i same tradisjon.  Med utgongspunkt i rammeverket eg håpar å få grep om, og måla merka av på gamle alnastavar, vil eg bygge ein åttæring. Eg har ikkje eige verkstad, men får nytte verkstaden til stiftinga Oselvarverkstaden i Os som base for arbeidet mitt. Der har eg også mine gode arbeidskamerater som eg kan lufte utfordringar og løysingar med.

KONTAKT

Mail: Berit Osmundsen

Telefon: 957 05 824

 

 

BÅTBYGGERENS BLOGG