logo

The devil is in the detail...

Publisert:
26.02.2019

By George, he is!  Eg har hatt ei heftig  veke i verkstaden og ser attende på ei  pangoppleving av dei sjeldne. Bli med på ein tur i den livsfarlege hundredelsmillimeterskogen….

O hildrande du.  Skjelv litt her eg sit. I går kan eg hugse stemninga: Eg var ikkje så høg i hatten då.  Heldigvis hadde eg ein skvett krutsterk pulverkaffi att i koppen og ei røykjesild  som eg kunne leggje på oskeskuffa i essa.   Katten såg på meg med eit tvilande blikk frå plassen sin inst i hjørnet og det hadde sine grunnar:

Altså: Eg var kommen så langt at eg hadde fyrt opp gassomnen etter børsting og avfeitting av alle flater. Temperaturen var stabil på 640 grader Celsius og humøret upåklageleg. Alt gjekk som smurt. Eg  fekk hardlodda innsida av tanken, utsida av tanken, frontstykket og kuppelen. Flaska vart avkjølt, vaska, børsta,  fylt med 5 bar og lagt i vatn for lekkasjetest. Fem minutt.  Ingen bobler. Nydeleg. Så var det å leggje tanken innåt øyra og lytte etter mikrolekkasjar. Stille.  Ikkje ein lyd. Tett.  Gud er glad i meg.   Eg kjende kor det kribla i hendene etter  å få høgtrykksadapteret på flaska og trille ut babyen min, den gulkvite dykkarflaska med trykkregulator. Tenkte litt på Dynamitt-Harry i Olsenbanden og identifiserte meg svært med han. Hadde eg hatt ein Tommyhjelm på hovudet ville biletet vore komplett.

Euforisk til sinns med kjøttmeis på fuglebrettet, mett katt, vårsol oppetter furuleggene og vissa om at postmannen ikkje kom forbi  i dag,  kveila eg ut trykkslangen og fann fram storesekken med makrellnot.  Sola skein.  Under glad salmesong, med nypussa vernebriller og augo på stilk  la eg ut lag på lag med makrellnot. Alt var rett og slett fantastisk og ikkje til å tru:

Ja. Nettopp. Var.

Eg har nett fått flaska opp i knappe 80 bar, då skjer det:

Det smell. Noko så inn i h e i  t a  s t e  glohaugen. KABOOOOM! Fire meter av trykkslangen fyk i vêret og freser til meg som ein hissig kobra. Instinktivt kastar eg meg ned og triv etter krana på dykkarflaska. AV! AV! AV!

Kobraen sputtar vilt og giftig ein siste gong, legg hovudet bakover, og  med eit tungt klask drusar koblinga i berget vel  to meter frå andletet mitt så steinflisene fyk. Det vert stille. Veldig stille. Eg dobbeltsjekkar pampersen og kryp forsiktig fram for å sjå: Nota ligg som ei dundyne over lyngen og tanken er vekk. Vekk. Kor er  han? Tre meter nedanfor finn eg kameraten min – i grøfta – kvesta.  Han har skote seg ut gjennom fire lag makrellnot og treft ein bergnabbe før han rikosjetterte og trefte neste. Glad er eg for at trykkprøving skjer i grøft….

Vel , kva skjedde?  Eg tek med meg tanken inn og ser etter. Jau, feilen er denne:  Då eg tilpassa det gjenga frontpartiet til tanken var eg ute etter ei klaring på ca. 0,04mm for å få kapillærkreftene til å verke maksimalt og suge loddet inn mellom ring og vegg.  Det eg ikkje tenkte på var at ringen, som hadde tjukkare gods, ville utvide seg meir enn veggen rundt og slik lage ei presspasning mellom ring og vegg der det ikkje var plass til lodd i det heile.  Då eg lodda la eg ikkje merke til dævelskapen og vart lurt trill rundt av ei pen fuge i toppen.  Det veit eg no.

Kur: File inn kunstige vertikale riller i ringen der kapillærkreftene kan verke maksimalt og loddet kan legere seg til stålet.  Etterpå dreiar eg eit spor midt på der eg legg  sylvloddet inni som ein ring:

Denne gongen skal det gå. Utvidar ringen seg så mykje som sist, vil spissane ta i veggen og rillene vere intakte.

No prøvar eg å lodde på ny og ser kva som skjer. Det er slutt på gassen i den store flaska, så eg nyttar bakvarmen frå essa og den heimelaga propanbrennaren min med den små flaska:

Dette vert spanande. Før eg går i gong med å lodde ferdig og gjere klar til neste stunt på trykkprøvingsfronten skal eg ta meg ein luftetur sørover til Essex: Min gamle ven og arbeidskollega Arthur Smith skal til å rifle løpa til Girardonirifla saman med resten av arbeidslaget sitt  i  firmaet ARS – Arms Restoration Services. Det skjer på ei riflingsmaskin frå Connecticut, ei Pratt & Whitney frå 1889, og då skal eg vere med. You bet!  Gate F12 om ein times tid.  Ja, eg veit, eg er smerteleg klar over fakta: Boeing klinkar også platene I flya sine, inkludert den 737en som står utanfor hangaren  og blinkar i morgonsola.  Likevel, eg eg får meir og meir tillit til naglar no.  Colchester, here we come!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...