Alf Helland

På tvers av fag, på langs av veden...

Publisert: 11. feb. 2019

To stipendiatar, to gode dagar i verkstaden og møte mellom handverkarar…

Masfjorden fleska til med strålande februarsol og Ray-Ban vêr då Leo kom til Flesland med fly. Etter å ha komme seg av bussen i Knarvik bar det nordover mot Masfjordfjella i ein gammal Land Rover. ”Går dette an?” spurte Leo. Jau, sola skin her vest også. Ein gong i blant.

Vel heime var det å stupe rett ned i verkstaden. Leo ville lære så mykje han kunne, og me gav oss i kast med både dreiing, fresing og filing. Fresing av sekskant i delingshovud på engelsk universalfresemaskin frå 1950-talet var pensum fyrste dagen:

Messing er eit viktig material for både gitarmakar og børsemakar, her utforskar me eit emne som vart støypt i eiga smie:

Timane flaug så fort som bluegrass, men likevel fann Leo tid til å diske opp med pasta og saus etter oppskrifta til si italienske bestemor, så kona og ungane fekk overrasking grand de luxe då dei kom heim frå korpsøving.  

Siste dagen fekk me avtale med fiolinbyggjar, sagbrukar, bonde og multigeni Arne Toralf Mjanger heime hjå han på sagbruket: 

Arne Toralf hadde fyrt opp i verkstaden sin og praten gjekk i material og teknikkar. Emne til gitarhalsar hadde han på lager, og som betaling måtte Leo halde minikonsert på gitaren til Arne Toralf. Det var eit skikkeleg høgdepunkt og ein vakker slutt på ei fantastisk veke.

Under ser me det karakteristiske hovudet på den siste fela til Arne Toralf: ”Norsk dans No.13”. Stemmeskruane er i heimehogd barlind. Design, teikning og utskjering av detaljane var det Per Tore Barmen som gjorde i 2004. For eit flott handverk!  Det gjer ikkje noko at det regnar i dag. Inne i handverkarsjelene til Leo og meg skin sola. For fullt.