logo

One milk, no sugar, please….

Publisert:
14.03.2019

Har du reist til eit anna land, men likevel følt det som å komme heim?  Her er nokre inntrykk etter ei lita veke hjå  handverkarfamilien min i Boxted utanfor Colchester i England…

 

Midt i februar, men strålande sol og sytten grader pluss. Tok eg feil fly, eller? Toget mitt kom nett inn på perrongen, og det er noko surrealistisk over det heile.

Nei, trur ikkje det. Dette  e r  England,  for eg sit på feil side framme i ein firehjulstrekkar og er på venstre side av vegen. Definitivt rett fly.  Ti minutt seinare kjem me til Boxted og eg kjenner lukta av skjæreolje, grønt gras og nyskore stålspon. I ein liten verkstad her ute på landsbygda i Essex vert det laga løp, rifleløp, rifleløp i verdsklasse. For ti år sidan arbeidde eg her eit års tid, i ein ekte handverkarfamilie. No er eg her igjen og det ser ut som ingenting har endra seg, bortsett frå verkstaden, han er vorten litt større:

Frå denne vesle bygningen  som ein gong var ein hestestall går det handlaga rifleløp ut til heile verda: USA, India, Australia, Frankrike, Tyskland og Dubai. Korleis kan det ha seg? Jau, her arbeidar det spesialistar som det er svært få av i heile Europa, og dei arbeidar saman. For meg skal dei lage løp til Girardonirifla.  Då eg var i Tyskland hausten 2017 støypte eg ein innvendig profil av den originale rifla frå 1780 som låg i våpenmuseet i Suhl.  Profilen sende eg til Arthur Ronald Smith i England som målte han opp og laga eit spesialverkty for å skjere riflinga i løpet. No er løpsemna bora opp, finslipt (hona) innvendig  og avspenningsgløda for å ta ut eventuelle mikrospenningar i godset.

Tara, dottera til Arthur, tek seg av riflinga. Ho arbeidar på ei gammal, amerikansk maskin frå 1889 og skjer dei spiralforma spora innvendig i løpet. Mikrometeret er hennar beste venn, for på denne maskina er det ikkje snakk om hundredels millimeter, men om ”tenths of a thou”, dvs. 0,0025 mm i slengen. Tara er ein fantastisk handverkar og ein humørspreiar av dei sjeldne:

Pjotr, ektemannen til Tara, tek seg av profilering. Profilering er å dreie løpa utvendig slik at dei får den rette forma tilpassa kvar enkelt modell.  Dette er også ein vanskeleg jobb, der mykje kan gå gale. Tynne løpsemne må handsamast med stor kjærleik, elles bøyer dei seg.  Over tangens vert profilen kalkulert før kopilinjalen på dreiebenken vert sett opp. Pjotr er flink med numerisk styrte maskiner også, men mesteparten av arbeidet vert gjort på gamle, manuelle dreiebenkar:

Arthur på 69 er den nest eldste i handverksfamilien min: Han starta med å lage si eiga riflingsmaskin som han sveiva rundt for hand. Slik utvikla han temmeleg kraftige høgrearmsmusklar ettersom han måtte sveive det tunge svinghjulet fleire kilometer for kvart løp. I mange tilfelle gjekk emnet til helvete like før han var ferdig, slik at løpet fekk ei  rift på feil plass og fleire vekers arbeid vart øydelagt i løpet av eit tidels sekund. Slik er det å vere handverkar i starten. Normale dødelege tek  til vitet og gjev opp, men ikkje Arthur:  Over tredve år med praktisk forsking, byggjing av maskiner og besøk til USA hjå eksperten Clifford F.Labounty  i Maple Falls brakte resultat: No er det produsentane av luksusvåpen som kjem til han for hjelp når dei ikkje får det til. Slikt står det respekt av. Hans motto er: ”If this was easy, everybody would have done it. Now, this is not easy. That is why we are doing it. “

Eigentleg er Arthur min andre pappa: Me møttest tilfeldig på ei messe i Nürnberg for over femten år sidan. Arthur hadde med seg eit løp eg aldri hadde sett før. Eg stogga og me fekk oss ein prat på ti minutt. Slikt vert det  sjølvsagt jobbtilbod av, så eg fekk stilling som nybakt børsemakar i Arms Restoration Services og gjorde engelskmann av meg  rett etter eg var ferdig med tysk svennebrev. Då avgangsvitnemåla i Suhl skulle delast ut ein steikheit sommardag, hadde eg ein norsk pappa på den eine sida og engelsk pappa  på  den andre.  Handverkarluksus.

Eldstemann i  handverkarfamilien min er Lennie: Len Martin er  aktiv skyttar, 82 år gammal og ansvarleg for lepping av løpa: Lepping er ei innvendig finbehandling og det siste som vert gjort med løpet: Lepparen støyper ein innvendig profil av løpet i bly som vert sett inn med finaste slipepasta. Denne profilen vert dregen gjennom løpet fleire hundre gongar i eit bestemt mønster. Ved å polere litt meir ved kammerende enn ved munning vert det laga ein lett choke i munningen som gjer at gasslekkasje mellom prosjektil og løpsvegg vert minimert og maksimalt med presisjon vert henta ut av løpet. Tara let det vere att eit par tusendels millimeter til Lennie, ikkje meir. Det er alt som trengst. Men det trengst. Lagar ein løp i verdsklasse må alt stemme.

Sjølv er eg vel det Hellbillies ville ha kalt ”yngstemann på sagen”. I alle fall kjenner eg meg slik. Heldigvis er det plass til ein børsemakar  og heldigvis er det arbeidsoperasjonar som enno ikkje kan gjerast med maskiner. Visse ting må enno gjerast for hand.  På biletet over filar eg inn det som skal verte delar av tennmekanismen bakerst på ei perkusjonsrifle. Opphavet til den svært spesielle riflingstypen med innvendig spiralsnodd sekskant (ja, slikt finst!) er den britiske ingeniøren Sir Joseph Whitworth, mannen bak 55 graders rørgjenge og den fyrste presisjonsrifla til det engelske imperiet som var eit oppdrag Whitworth fekk frå dronning Victoria. Men det er ei anna historie. Under ser de rifla når den fyrste tilpassingsjobben er gjort:

Arthur fresar åttekant på Girardoniløpa ved den gamle universalfresemaskina  frå Adcock & Shipley:  Den rytmiske duren frå kvasse Hertel pinnefresar mot engelsk stål blandar seg med dei glatte klikkelydane frå riflingsmaskina til Pratt & Whitney, uling frå reimskivene til ein Colchester Triumph universaldreiebenk og BBC One på radioen.  Det luktar skjereolje og nyskore dreiespon, frostrøyken stig frå bakken og morgonsola kikkar inn gjennom det austvende arbeidsglaset. Den dieseldrivne varmeomnen til Pjotr durar i veg og kjempar mot kuldegradane i  det uisolerte bygget.  Tara har gitt meg ein kopp engelsk te.  Ei lita tåre snik seg fram i augnekroken, godt at ingen ser meg no: Eg er djupt takknemleg og ikkje så lite stolt over å vere ein del av dette handverkarfellesskapet.

Likevel, ingen grunn til å gråte, sjølv om seks dagar med familieliv er til ende. Handverkarfamilieliv. No har eg to løp innpakka i engelske aviser, heimesmurt nistepakke frå pappa Arthur og toget til Liverpool Station går om ein time. Eg må seie farvel for denne gong, men kjem att så snart eg kan. Heime på verkstadbenken ligg det eit ventilsete i heimestøypt messing som eg har maskinert på ei vekes tid og er temmeleg nøgd med. Men kva seier onkel Karl til det? Karl Wolf eller ”Onkel Karl ”bur i Henneberg ved grensa mellom Thüringen og Bayern.   Han skal eg vitje i neste veke. Godt at slekta er stor, seier eg....

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...