logo
Norsk håndverksinstitutt / Stipendiater / Tidligere stipendiater / Alf H. Helland - Børsemaker / Børsemakerens blogg / ”Og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra….”

”Og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra….”

Publisert:
29.11.2018

No er det duka for joleverkstad: Her kjem oppskrifta på verktyet du alltid har sakna…

 

Du treng:

Drill, grov flatfil, baufil, sentrumsbor, spiralborar Ø10, Ø6 og Ø5, gjengetapp M6, pinnefres el.flatslipt spiralbor Ø10, svingjern og skjereolje.

 eit stykke stål  med måla 60x20x90, to spiralfjørar Ø9x35 og to maskinskruar M6x25.

Me handverkarar er sportslege av natur og fnyser sjølvsagt av moderne hjelpemiddel som kaldsager og liknande.  Med baufila er det ei smal sak å dele det i to emne med måla 29x 20 x 90. Hugs nytt bimetallblad og ein dråpe Rocol. Då går det som smør. (Ambolten på verkstadbenken min vart saga ut av ein tidlegare praktikant av eit stykke 48kg/m jernbaneskinne frå Bergensbanen. Resten vart  filt ut med fil. Han fekk to Mariekjeks den dagen for god sportsånd, red.anm.)  Har du verktystål med over 0,2% C er det supert, viss ikkje tek du det du har. Eg brukte vanleg ulegert konstruksjonsstål, for originalverktyet var i omtrent same materialkvaliteten.

Etterpå må ein file eller frese flatene så dei vert plane.  Sag eller fres ut to avsatsar på 10x10mm  i heile lengda så kjeftane  seinare har anlegg mot bakkane i skrustikka:

Så borar ein to gjennomgangshol Ø6mm for festeskruane i  den eine bakken:

 I den andre borar ein to hol med gjengebor Ø5 for gjenge M6. Unbrakoskruar er fordelaktig, sporskruar har lett for å glippe. Gjeng ned med gjengetapp M6 og gjengeolje.

Utsida av bakkane der gjennomgangshola sit vert senka ned med djupna av hovudet til skruen, slik at alt er plant utvendig. Hugs at skruane vandrar med bakkane når dei går ut og inn, senk difor inn ekstra for denne vandringa på utsida.

Innsida av bakkane vert også forsenka slik at spiralfjørene på innsida har feste og plass til å verte komprimerte når ein teitar opp skrustikka. Har du ikkje sylindrisk forsenkar, så bruk ein vanleg spiralbor, bruk låg fart og mykje olje.  Har du ikkje søyleboremaskin, så  ta den vanlege drillen du har i skuffa heime.

Når dette er gjort, avgrad alle delane og set dei saman. Fil eller fres toppen jamn og planlegg kva for saum du vil lage. Av arbeidsskissa  over ser du at eit hovud som er 12 mm breitt og 1,5 mm tjukt vil krevje 6 mm i lengd av eit rundmaterial som er Ø6mm. Lengda  ls vil då vere 16 mm i mitt tilfelle.  Det kan hende du kan lage fleire typer naglar  i same jarn om du planlegg godt. Finn midten av bakkane og bor ned med saumtjukna du skal ha. Bor også ned hovudet på saumen no. Sjekk djupne og korriger viss naudsynt.

Har du tenkt å lage din eigen spesialsaum i kopar eller aluminium, så er jernet no klart til bruk. Dersom du vil bruke jernet til å lage hardare naglar, så er det ein fordel å herde det. Eg settherda bakkane med Kasenit.  No heiter produktet Tru-Spark og er å få via det amerikanske firmaet Track of the Wolf: Stålet vert varma opp til mellom 800 og 900 grader, rulla i pulveret og varma opp igjen. Så vert det bråkjølt i vatn eller olje. Det ytste sjiktet vert knallhardt, medan kjernen held seg seig, akkurat slik ein treng eit formgjevingsverkty. Overflata får ein gråaktig, marmorert finish.   

Etterpå var det tid for å teste det ut: Eg prøvde med to ulike material, det reinaste jernet eg hadde og  det blautaste stålet som eg fekk hand om.  Nokre av naglane forma eg kaldt i saumjarnet og andre laga eg i dreiebenken av mjukt gjengestål, berre for å sjå og kjenne på skilnaden. Saum er ikkje alltid saum. 

Her fekk eg stadfeste mistanken min: Alt anna enn det reinaste jarnet viste seg å ikkje fungere. Stål, sjølv det mjukaste, vert for sprøtt til bruken. På ambolten under  har eg fotografert to typar:  Til venstre saum i den mjukaste og lågaste stållegeringa SR235JR, til høgre saum i blautt jarn. Ser du sprekkene i saumen til venstre? Eg har klinka saman to platebitar i 2mm stål for å gjere ein test.  Altså, reint jern i saumen!

 

 

Saumjarnet er eit interessant konsept med stor bruksverdi på tvers av fag. Det kan sjåast på som eit formverkty, men også som eit oppspenningsverkty: Kor ofte skal me ikkje spenne opp ein sylindrisk del som skal stå ordentleg fast utan at me lagar merke i han? Å  kopiere eit saumjarn i eit anna materiale, t.d. tre eller kunststoff,  kan difor vere spanande og vel verd arbeidet. Formene innvendig kan lagast trekanta, firkanta, rund, ellipseforma osb, alt etter kva du arbeidar med.   Så viss du vil lage bakkane i bøk eller bjørk vert det gledestårer hjå snikkarkompisen når han opnar presangen, utan tvil. 

Ha ei fin helg i verkstaden, folkens!

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...