logo

Hele folket i arbeid

Publisert:
04.05.2019

Det nærmar seg 1.mai, og det er vår i verkstaden…

 

Oppildna av dei eksplosive resultata i sist veke er eg og katten i full gong med låskassen:  No må det messingemnet me støypte i fjor filast ut slik at det vert råd å lage låsplate og felle henne inn langs kanten. Dette er ikkje enkelt arbeid, og ein setel på veggen minner meg om hovudregelen: «Work like everything is up to you.  Pray like everything is up to God. «

Rundt oss blømer alt som bløme kan, fuglane syng på inn-og utpust og sola skin som om me skulle vore i juni. Likevel, katten og eg held tappert stand i kjellaren med fil og meisel i ekte arbeidarånd. Det er varmt. Til sist gjev Bent Erik opp. Han går ut. Han er lei.  Ute på gardsplassen marsjerer han att og fram i rein protest mot pålagt arbeidsmengde når det er så fint vêr. Nei, det er ikkje lett å vere ungdom i opposisjon, spesielt ikkje om våren.

Eg står inne i verkstaden med hammar og meisel. Og her er me inne på noko viktig: Meiselen.   Han er ein fantastisk reiskap og heilt uunnværleg når det skal lagast kvasse innvendige hjørne. Likevel, meiselen er berre fantastisk når han fungerar. Svært mange av meislane der ute fungerar ikkje i det heile. Mine fyrste meislar var av den typen, heilt fram til børsemakarmeister Uwe Volk frå Vesser  viste meg korleis det skulle gjerast: I Suhl laga nemleg børsemakarane sine eigne meislar  av utslitne filer som vart slipte på smergelsteinen. Filstål er passeleg hardt og gjev ei god, kvass egg, så lengje ein passar på å kjøle meiselen under sliping. På skissa under har eg teikna opp profilen:

Det frislipte området legg egga fri slik at du har godt oversyn når du arbeidar.

Bana under gjer det mogeleg å stille kuttet gjennom å løfte eller senke vinkelen på meiselen.

Egga slipar ein kort: Di hardare emnet er, di større er eggvinkelen. Slik klarar egga større påkjenning. Liten eggvinkel er ein stor fordel når ein meislar mjuke, langsponande materiale. Det er ein god ide å bryne egga etter sliping og syte for at alle flater er så glatte som mogeleg.  Ein liten dråpe olje på egga gjer det lett å spone messingen:

Å arbeide med ein kvass meisel er ei rein og sann nyting. Ofte treng ein likevel meislar med ulike tverrsnitt for å gjere jobben. Flatfiler kan ein t.d. slipe på flatsida eller på tverrsida og på den måten lage dugelege verkty for trange rom. Under har eg teke med litt av meiselarsenalet mitt:

 

Heilt til høgre er ei ombygd skrape for tannstein som eg fekk av tannlegen min etter litt målretta masing. Skrapa knakk, og glad var eg, for skaftet var nemleg av verktystål frå Sheffield, heilt perfekt som emne til ein minimeisel.

No kjem Bent Erik inn igjen. Han er trøytt etter all protestmarsjen og legg seg beint ned på stolen ved dreiebenken. Det ser ut som om han er lei.  Eg trur det er på tide med ein kopp kaffi, litt Whiskas og motivasjonshøgtlesing frå boka vår: På verkstadbenken ligg nemleg memoarane til Einar Gerhardsen, «I medgang og motgang, Erindringer 1955-65» Bra stoff for små arbeidarar. Me er komne til kapittelet der Trygve Bratteli etter sju års hardt arbeid som finansminister går over i Samferdselsdepartementet: «Bent Erik, der ser du. Sju år! Han hadde grunn til å ta seg ein fridag i sola, han! Kva sa Gerhardsen? «Gjør din plikt, krev din rett. «Ikkje omvendt.» Bent Erik nikkar motvillig.

I skrustikka står det ein låskasse med ferdig utmeisla hjørne. I morgon er det 1.mai. Grunn til å heise flagget, Bent Erik?   Bent Erik nikkar.

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...