logo

Fyyyyyr her!

Publisert:
12.12.2018

I dag vert det eksplosive takter her i Trollstova, bli med på trykktesting av lufttankar….

”Alfie, why don’t you use water? Water does not compress the way air does and then…” Det er ein djupt uroa Arthur Smith, løpsmakaren  min i England, som ringjer meg tidleg på morgonen. Arthur er utprega B-menneske, så dette er nok meir alvorleg enn eg trur: Nei, han er ikkje redd for flaskene, han er redd for meg og mi helse.  Med rette. For det eg gjer no er eigentleg litt i overkant sportsleg: I dag skal eg  trykkteste vindflaskene på den måten Girandoni trykktesta dei, blåse dei fulle i luft til dei eksploderar og går til himmels. Kvifor? Jau, her er det fleire grunnar:

Eg må vere sikker på  kor mykje luft ein kan putte i flaskene utan at det vert farleg å bruke våpenet.  Finn eg ut på kva trykk reservoaret sprekk,  kan eg dividere dette med to og slik komme ned på eit akseptabelt maksimalt fylltrykk. Det er ikkje noko reduksjonsventil i flaska, så flasketrykk vert det same som arbeidstrykk for våpenet. Teste med vatn under trykk vil ikkje vere det same, sjølv om det er mykje tryggare. Ein uprøvd tank er som ei potensiell bombe og lite ynskjeleg. 

Vidare kan eg no avdekke kor sterke Girandoni sine flasker eigentleg var. Kor eigna var den tilverkingsmetoden han brukte? Kor mykje tåler hardloddeskøyten? Kva er den svakaste delen i flaska? Vil naglane halde? Vil det gjenga frontstykket som er lodda i front klare seg?

For det tredje er ein trykktest ein framifrå måte å avdekke eigne feil i tilverkinga. Har eg slurva? I så fall, på kva felt?  Og kva må eg gjere betre til neste gong?

 

Girandoni trykktesta sine flasker med ei eige pumpeverk  til eit trykk på 800 psi, dvs. 56 bar. 56 bar er mykje. Det er mest tjue gongar høgare trykk enn i eit vanleg bildekk og tilsvarar 57,12 kg per kvadratcentimeter.  Vert litt sveitt når eg tenkjer på det…

Eg allierar meg med brannsjefen: Har eg sagt at Masfjorden har den mest fantastiske brannsjefen nokonsinne? Han heiter Sigvald. Ein telefon til Sigvald og eg har fullt røykdykkarutstyr på plass med 300 bars trykkluftflaske. Det vert levert av Stian frå  Gulen og Masfjorden Brann og Redning same kveld.   Vidar og Bjarte på TESS Sløvåg er også med på notane og tingar inn ein 200 bars trykkregulator frå Drammen. Me lagar saman ein koblingsplan. Hydraulikkslangar vert pressa med kraftige koplingar. Sidan ventilsetet til røykdykkarflaskene ikkje passar heilt ringjer eg Ørjan og Monika ved Gulen Dykkarsenter. Dei har brukte dykkarflasker på lager med 230 bar luft. Desse passar perfekt. No er det berre adapter til flaskene som manglar.  Dei dreiar og fresar eg sjølv:

Eg lagar to adapter:  Eitt med hydraulikkopling til sjølve testen og eit adapter med ein integrert bildekkventil  som er konstruert for trykk over 4 bar. Her må eg få takke  den kyndige mekanikaren vår,Torleif Matre på Auto-Mek , Hosteland, for ventil og gode tips.  Utsida av ventilen gjenga eg opp med M14x1 og ditto på adapteret  innvendig. Flytande pakning frå Loctite tettar godt.

Med denne ventilen kan eg  med ei vanleg sykkelpumpe og ein balje vatn sjekke om flaskene er tette før eg går i gong med den eigentlege trykktesten.

Sprengje flaska i filler? Steike, det kjem til å verte ein god smell. Før kjøpte broderen og eg  alltid gummidynamitt , tennarar, kneippbrød og bringebærsyltety på butikken, no får ein knapt nok kjøpt kneippbrød og bringebærsyltety.  Det er dårleg gjort, det.  Å sprengje fjell, lempe storstein og støype  kai var nemleg vanleg helgearbeid før. Eg må ha ein briefing  med broderen om dette sprengjingsprosjektet, han veit best,  Bror min, Baard,  arbeidar nemleg i Mesta og er van med dramatikk.  Det tek to minutt, så har me planen klar og fire tommeltottar i veret: Så klart - not! Godt at min kjære bror har ein stor sekk makrellnot i bua, 40 omfar. Nota slepp nemleg  lufta ut og held  steinfliser og anna styggeskap inne. Broderen  har spart mange takstein, bilruter og barnevogner  med makrellnot. Eg har den trygge kjensla av at Jesus er med oss når me får den røslege sekken på plass bak i Landroveren.

Til verket: Eg finn meg ei grøft bakanfor smia der eg akkurat får plass til ein gammal europall. På denne pallen breiar eg ut nota:

 

Tanken kjem på toppen og den trykklause slangen vert kopla til:

Så er det berre å dekke tanken med så mange lag not som eg får til. I alt sprengjingsarbeid gjeld grunnregelen om  at det må vere anstendig: Skjørtet på nota  skal vere  så langt og sidt som det går an, lårkort er ikkje mote.

På toppen legg eg ei gammal eingongspalle, slik at ikkje stakken får lyst til å lette på seg når flaska går av. Ingen Marilyn Monroe-fakter her, her skal det gå sømeleg for seg:

Dette er tidenes sandwich. No er det berre å huke seg ned bak ventilrattet, be ei stille bøn til Vår Herre og sleppe trykk inn på flasketassen:

O ekstase! Tenk at ein kan gjere slikt, i beste arbeidstid? Dette er nesten som før i tida, eg ropar ”Varskuuuu her, fyyyyyyr her! Fyyyyyyyyyr heeeeeeer!” Herleg å kunne bælje ut slikt på eiga tomt ein kald desemberdag utan å risikere å verte bura inne, det gjev ei kjensle av ekte fridom:

Manometeret passerar 10 bar, 20 bar, 30 bar, 40, 50, …..smell det ikkje snart, tru? Eg tek av meg hørselsvernet, men det er dørgande stilt frå nothaugen. Det einaste eg høyrer er ein hyttebyggjar lengre nede mot sjøen som sorglaust spikrar kledningsbord på vedboden sin.  

60, 70, 75 bar. Framleis stilt. Kva skjer? No vert eg sveitt. Mon tru det hjelper å syngje litt?  80bar. Jau, syngje hjelper alltid. Eg stemmer i med ein eg kan frå før:  ”Navnet Jeeesus, vil jeg elske, det har satt min sjeeel i brann...”  85 bar. Kjem skulebussen snart rundt svingen? Det håpar eg ikkje.  ”Jesu naaaavn, hvor skjønt det klinger, La det ruuuuunge over joooord…” . Er det ein joggar eg ser der oppe? Søren. Han bør få opp farten no snart.  90 bar. Sveitten renn:  ”…Intet aaaaannet verden bringer håp og trøst som dette oooord…” Slapp av, Alf. Gud er med deg. Postmannen  køyrde nett forbi og stoppa heldigvis ikkje....95 bar. ”For det naaavn må hatet viiiike, for det naaaavn må ondskap flyyyyyy….”  Og det er alt eg får tid til: Eit  kraftig ”boff” frå nothaugen seier at no har tanken fått nok: Palla lettar seg resolutt,  men  legg seg fint nedpå att, nett som ein tiandeklassing som vert bråvekt midt i mattetimen etter ei tjuetimersøkt med Fortnite:

Kjapt flekkjer eg  av hørselsvernet for å lytte etter moglege flygande objekt på veg mot hustak, bilar og liknande, men det  er stilt. Heilt stilt. Gassen har eg stengt for. Nei, der høyrer eg  hyttemannen med hammar att. Det var godt.  Ei kråke prøver seg på julekonsert i  bjørkeskogen. Feil toneart.

 100 bar!! 1420 pounds per square inch!!  O ekstase! HALLELUUUUUUJAAAAAA!!!!!! Gledesropet rungar over tunet. Eg hoppar opp og ned i pur lukke.  Kråka skvett til frå bjørka og veivar ukontrollert med vengjene,  skjenar nedover  forbi eit par buskfuruer og forsvinn . Nede ved sjøen er det ingen som spikrar lenger. Kanskje naboen har høyrt meg og sendt bod på onklane med kvite frakkar?  Veddar på at gledesropet mitt var høgare enn smellen. Men eg treng ikkje psykiater no, for fem minutt sidan, ja, men ikkje no. No kjenner eg meg heilt på topp.

Fram og sjå! Dette er som i barndomen;  å storme grana på julekvelden:

O lukke! Ingen splintar. Ei 50 mm lang, jamn sprekk i saumen der flaska gav seg. Kjapp rydding og rett inn i verkstaden, for dette må undersøkjast:

Loddeskøyten er smal, berre ein mm brei, for kuppelen er berre i tangential kontakt med resten av tanken. Dette må forbetrast til neste gong. Eg har med vilje ikkje bukka/falda enden av tanken over kuppelen for å sjå kor mykje loddinga i seg sjølv held. Originalflaskene hadde nemleg denne ekstra kurven i topp, sjå biletet under:

Dersom flata er 50 kvadratmillimeter og rakna på 100 bar, så tålte i teorien loddeskøyten 200 bar per kvadratcentimeter. Det er ikkje verst! Girandoni, eg diggar deg meir og meir.

No gler eg meg til å lage tank nummer to, det er berre å skjere opp plater og komme i gong.

Riktig fin adventshelg, folkens!  Det flotte med pepperkaker er at ein ikkje treng trykkprøve dei...

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...