logo

Fjørmaking

Publisert:
09.07.2019

Det er to ting eg har respekt for: Tannlegebesøk og fjørmaking…

Og om eg prøver å gøyme innkallinga frå tannlegesenteret  heilt nedst i avisbunken, så kjem det ei påminning per sms. Nei, ein kjem ikkje utanom. Ein må til pers i stolen. Litt slik er det med slagfjører også. Ingen vits i å gå og grue seg. Det er berre å hoppe i det…

Slagfjører er lærerike. Dei har ei eiga evne til å minne ein om kor liten ein eigentleg er. Dei kan ta deg frå stille gråt til stormande jubel. Ofte kan dei ta deg heile vegen  attende. Ein gong for eit par år sidan var temaet gråt særs aktuelt: Då hadde eg fått i oppdrag av ein annan børsemakar å lage ei slagfjør til ei klassisk sidelåshagle: Fjøra vart filt ut, polert og herda. Alt gjekk fint. Så skulle eg få fram seigleiken i fjøra og avherde vidunderet: Lys til sinns og overmåte nøgd med innsatsen så langt hadde eg fjøra oppi ein boks med varm motorolje. Dette var ingen heksekunst, tenkte eg. Ute var det vår.  Sola strålte. Det var mars og snøen smelta. Alt var fryd og gammen, men ein  liten vassdrope skulle endre heile dagen: Denne vesle dråpen, som hang tålmodig under takrenna på huset og venta, sleppte seg elegant ned i fritt fall då eg, glad til sinns, gjekk ut av verkstaden og slo døra i lås. Med perfekt presisjon fann den vesle vennen vegen ned i sentrum av begeret mitt med varm motorolje. Resultatet vart spektakulært: Olja vart plutseleg svært engsteleg, hoppa snøgt ut av boksen og søkte tilflukt på mi venstre hand.  Børsemakaren vart sjølvsagt i fyr og flamme over dette, bokstaveleg talt.  Heile venstre handa stod i lys loge.  Katten vart synleg imponert over at eg  faktisk k u n n e  danse.  Jazzballett. Etterpå var eg sjukemeldt i over ein månad.

Men over til denne fjøra:

 

Nett som i alt handverk er emnet viktig: Stålkvaliteten må vere rett. På lageret har eg eit gammalt tysk emne som har lege ute i vind og vêr i mange år og som difor er så spenningsfritt som eg kan få det. Deutsches Institut für Normung (DIN) kallar det 67SiCr5 og det inneheld 0,67% karbon, 1,3% silisium, ein halv prosent mangan og ein halv prosent krom. Mange ståltypar har eg prøvd, men dette er liksom basen.

Å lage ei fjør er som å smi ein god boge. Alle som har prøvd det veit kor lett det er. Å få bogen til å knekke. Men å få bogen til å krumme seg som ei splitcanestong frå engelske Hardy Brothers og halde presset, dag ut og dag inn, tusenvis av gongar, i alle temperaturar, det krevst erfaring. Erfaring er som kjent ikkje noko ein har, det er noko ein får.

Stålet har, nett som treet, fiberretning. Dette er godt å ha i tankane når emnet skal forfresast:

Så er det tid for å sage ut emnet og forme det til ei fjør:

Utfilinga er viktig. Å ta seg tid til å få linjene riktige er noko ein har att for seinare. Når ein nærmar seg ferdig mål må overflata vere så glatt og einsarta som mogeleg. Ei stripe her kan utvikle seg til eit herderiss:

Så er det tid for varmebehandling -herding: Eg brukar å varme stålet opp til godt lyseraudt, ca. 900 grader og halde det på den temperaturen i eit minutt. Å halde temperaturen eit bel er viktig, då er strukturen så homogen som eg kan få han:

Bråkjølinga gjer eg i olje. Mi yndlingsolje til dette bruket er CF4 frå Miller Oils, ei tynn skjereolje som kjøler passeleg godt og ikkje isolerer emnet for mykje frå varmen. Med ei gammal fil mot kanten av det herda emnet lyttar eg om eg har fått den hardleiken eg er ute etter. Ein tørr, skarp klirrelyd er det eg høyrer etter.

Så går eg i gong med avherding. Avherdinga bør skje temmeleg fort for å unngå sprekker etter herdinga. Her er det lett å gå i baret: Avherdar ein for mykje, vert fjøra for mjuk. Avherdar ein for lite, knekk fjøra. No skal eg ta akkurat passeleg med hardleik ut av stålet til at fjøra vert elastisk. Elastisk nok til at fjøra ikkje knekk og hard nok til at fjøra kan lagre nok stillingsenergi i mekanismen.

Min måte å gjere dette på lærte eg av ein amerikansk børsemakar: Løysinga er å ta ein blekkboks, lage ei fordjuping i boksen stor nok til at fjøra får plass og så vidt dekke fjøra i motorolje. Når dette er gjort, varmar eg boksen utanfrå til olja byrjar å koke. Etter ei stund når eg tenntemperaturen til olja, gassen tek fyr og olja brenn av seg sjølv:

No er fjøra isolert inne i boksen og fjøra vert oppvarma frå alle kantar. Olja legg eit vernande lag med sot rundt fjøra og held temperaturen jamn over tid. Når olja har brent opp etter ca. ti minutt kan fjøra kjøle seg sakte ned og er klar til test..

 At avherding i brennande motorolje bør gjerast utandørs er eg med åra vorten samd i. Likeeins er eg vorten flinkare til å halde utkikk etter regndråpar. Boksen og olja ber eg ut i kald tilstand for deretter å ta på meg vernebriller, vernehanskar og halde litt avstand til herlegdomen før eg kveikjer i brennaren. Ein feil er ikkje ein feil før ein gjer han to gonger…

Etterpå polerar eg fjøra med fint smergellerret. No kan eg sjå om det har laga seg herdesprekker. Ser eg slike, er det berre å kaste emnet.

Dette ser bra ut. Forsiktig klemmer eg fjøra saman i skrustikka mellom trebakkar. Vernebrillene er på. Dersom ho no knekk, vert det ein god pang. Eg knip att augene eit bel, nett som katten. Ventar på smellen. Kjenner at eg sveittar litt no. Så ser eg at fjøra svingar seg pent attende til utgangsposisjonen, ingen knekk, jamn boge. Og ho held på spenninga. Vert ikkje trøytt. Eg måler kurven, komprimerar henne i stikka, let henne stå under press eit døger og kjem så attende for å sjekke. Fjøra svingar seg så fint innatt som ein recurveboge på eit idrettsstemne. Wunderbar.        

Dette klaffa på fyrste forsøk. No har eg polert fjøra og laga meg ein stor kile av aluminium som eg forspenner henne med når eg monterer henne i låsen. Det er med naud og neppe at eg klarar å spenne fjøra med hanen.  Mektige saker. Girardonilåsen er klar.  Jajamennsann. Ingen grunn til å vere redd slagfjører, då er det verre med den meldinga som nett kom frå tannlegesenteret.  Kanskje eg kan dulte borti slettetasten på telefonen? Er eg uheldig nok, så k a n det skje…

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...