logo

Cromwell og luftrifler

Publisert:
22.07.2019

Kva har Oliver Cromwell med luftrifler å gjere? Historiske dokument kjem med overraskande avsløringar…

Det er sommar. Våt vestlandssommar. Heile verda er på ferie. Bent Erik og eg har forskansa oss i kjellaren med ein kopp rykande pulverkaffi  og ein bolle Whiskas  medan regnet dundrar ned utanfor. Skulle tru me var i tropane i monsuntida, ikkje sant, pus?

Perfekt vêr for eit djupdykk i kjeldene, og eg har nett komme over ein skatt, nemleg boka «Air Guns» av Eldon G.Wolf som vart gitt ut av Milwaukee Public Museum i Wisconsin.  Manuskriptet stod ferdig allereie i 1955, men eg visste ikkje at det eksisterte før no. Her les eg om at det fanst luftrifler som kunne skyte fleire skot etter kvarandre over hundre år før Girardoni kom med sin magasinmodell til den austerrikske hæren. «Bent Erik, kva seier du til det, over HUNDRE år tidlegare?» Eg får ikkje noko svar, berre ei høglytt knasking i skåla med tørrfor. Mat har tydelegvis større prioritet…

For ein handverksstipendiat er dette pur lukke. Det er nesten som å vere fem år midt i pakkehaugen under julegrana : Altså: Året er 1655. Me er i England, som no for fyrste gong i historia er vorten republikk etter at Parlamentet har dømt kongen til døden og hogd hovudet av han. Major Oliver Cromwell styrer riket på vegne av Parlamentet som «Lord Protector», ikkje som konge. Han har rusta opp den engelske hæren med 30.000 profesjonelle soldatar og styrer etter strenge puritanske lover. Irland er kolonisert og halvparten av dei katolske innbyggjarane  er anten slakta ned av hæren, daude av byllepest, selde som slavar eller flykta til koloniane i vest. Opprøret i Skottland er også slege attende: Den 3.september 1650 ligg fire tusen skottar att på slagmarka i Dunbar.  Sonen til Charles 1. , «Bonnie Prince Charles» , klarer med naud og neppe å flykte attende til mor si ved hoffet i Versailles. I mellomtida har også admiral George Blake revolusjonert den engelske flåten og er snart klar til å ta opp kampen mot stormakta Spania. Det er enorme spenningar mellom det puritanske England og det katolske fastlandet, der tredveårskrigen raste for berre sju år sidan. Tilhengjarar av kong Charles, royalistane, planlegg å drepe Cromwell. Men korleis?

Det er det ein mann som har peiling på, nemleg John Thurloe. Thurloe er ein nær ven av Cromwell, statssekretær i protektoratet og har hatt ansvaret for etteretningssida innanlands og utanlands sidan 3.mai i år. No har han laga seg eit nett av informantar som held han orientert om kva som skjer, både i England og utanlands. Alt nytt skriv han ned i det som seinare vert kalla «Thurloe`s State Papers», ei dokumentsamling som han gøymer for royalistane bak ein falsk himling på lemmen i huset sitt ved Lincoln`s Inn . Fyrst i 1742, over 90 år seinare,  vert det offentleggjort.

I november 1655 kjem det eit ilbrev til John Thurloe frå etteretningsagent John Addams i Utrecht, Holland: William Cromwell sitt liv kan stå i fare.  Og terrorisme er England godt kjent med: 50 år tidlegare klarte den katolske ekstremisten Guy Fawkes nesten å få fyr på 36 kruttønner i kjellaren under parlamentsbygningen og blåse kongen og alle dei protestantiske parlamentsmedlemma til himmels før han vart oppdaga i siste liten. Men denne gongen er det ikkje krutt det dreier seg om, men luft:

Den royalistiske generalmajoren John Wagstaffe er nemleg nyleg observert i Utrecht, Holland, og desse orda skriv John Addams til John Thurloe den 12.november 1655:

"I leave it to your discretion to make use of it as you finde convenient; but if you will give mee leave to tell you my opinion, I seare that C.S. his instruments have bin dealing with major William Cromwell, and that some desingne is plotting to kill the protector; for besides what I gather by the former discourse, I finde sir Joseph Wagstaff hath bought at Utrecht a gunn, which shewts with wynde only a bullet a 150 paces, and that 7 tymes one after another, with once charging with wynde. It makes no report, or little smoake comes out of it; so that ¨` 'tis difficult to decerne, whence the shot comes. I am well inform'd, this gunn is to be sent for Ingland, wheare I am suer none knowes how to use it, but he that carryes it over. This, I doubt, is bought for no good use; whether it will be sent, or where shipt, I cannot tell; for sir Jo. Wagstaff is at Antwerp preparinge the jesuits and priests to perswade their king to imbrace C.S.intrest, whoe he hopes will turne catholick in tyme, as well as himself."

 

 

Eg smakar på orda: «eit våpen, som skyt berre med vind, ei kule 150 skritt, og det 7 gonger etter kvarandre, med ei ladning luft»

Bent Erik ligg henslengt på verkstadbenken med eine labben utfor leksikonet. Han er godt trøytt etter alt regnet og lengtar etter sol. «Tenk det, pus. 1655 ! 120 år før Girardoni!  Luftrifle med prekomprimert luft!  Magasin på sju skott! «  Eg er nok litt for engasjert: Katten lyfter litt på venstre øyre, så søv han vidare med labben trygt planta på  Encyclopedia Britannica. Best å ikkje setje Bent Erik på idêar.  Nabokatten Carl Ivar kan av og til oppføre seg som ein despot  i matfatet, i alle fall når det står kokt fisk på menyen. Likevel, han er ikkje Oliver Cromwell for det…»

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...