Berit Osmundsen

Rotgraving

Publisert: 2. mars 2019

Innvedemne (spantemateriale) kan ein finne både i toppen og i rota på trea. Det trengst ofte begge deler i ein båt. Veden frå rota er mykje meir stabil, lettare å vurdere og sterkare ett toppved, difor kan det ofte lønne seg å bruke tid på å grave ut rotemne.

Båtbyggarane på Oselvarverkstaden er ute for å finne innved til seksæringar. Eg er så heldig at eg får henge meg på for å finne innved til åttringen eg skal bygge. Det er fint å være fleire når ein er på skogsarbeid, både grunna sikkerheit og fordi det er fint å dele erfaringar og vurderingar med nokon. Som bildet viser går vi i seintvaksen småskog. Trea er ikkje større enn dei må være for å få ut passe store emne, men dei veks så seint at alderen likevel ligg mellom 100 og 180 år.

Ein gjeng glade båtbyggere i god innvedskog. Kan det bli betre ?!!

Sterke og seige røtter finn ein gjerne i myr eller på skarvnakkar (naken fjellknatt). I myra er det lite næring å hente og røttene finn ikkje feste. Dette gjer at trea må slite for å klare seg, dei veks seint og får ei lita krone, og dei får svært kraftige røtter som "flyt" oppå myra. Furu i våt myr dannar ofte berre ein til tre hovedrøtter, og dei er ofte kraftigare enn stamma på treet. Myrfuru lagar heller ikkje pålerot slik furua ellers gjer, all energi går med til å halde seg oppå myra og få opp den lille næringa som er der.

På bildet over er det to furutre som står med nokre meters mellomrom, dei er ganska like i diameter på stamma. Det fremste treet er vesentlig eldre enn det bakerste. Det fremste treet er eit typist rottre. Det har mørkare bark, flat krone med heller lite grønt, og det står i eit myrhol. Her er det ei sterk og god rot å grave opp. Det bakerste treet står litt høgare i landskapet. Der er det tørrare og betre høve til vekst. Treet har lysare bark og lang og spiss krone som  viser at treet er i god vekst. Ein kan då anta at treet har mange små røtter som finn næring i kvar sin retning og ei kraftig pålerot som søker rett med i bakken. Her er ikkje dei beste røttene til båtbygging. Dei er mindre, svakare og tyngre å grave opp.

 

Sett rett opp i krona. Her er ei god rotfuru og kring ho står det furu med spisse toppar og små røtter :)

På bildet over er rota på ei furu som står  med tre sterke røtter som "flyt" oppå myra. Dette kan bli eit godt rongemne.

Rota er oppe og som bildet viser er det ei kraftig rot.

Her er rota til ei furu som stod litt tørrare, den har ei rot med anna vinkel i høve til stamma. Rota søker litt meir ned i bakken då det ikkje er like vått og trist der den har stått. Det kan bli eit godt beteemne.

Sagar litt ut av emne då dei er tunge nok å få ut av skogen :)

Nytta også dagane for å få noko einer ut av skogen før koven stig i dei. Einer som skal nyttast til trenaglar må takast på vinteren for å få god nok kvalitet. Dette var i alle fall Harald Dalland svært bestemt på.

Helsing frå ein glad båtbyggar i god innvedskog. Det skal nok bli båt av dette. :)