Berit Osmundsen

På sagen

Publisert: 8. apr. 2019

Etter at båtstokker (tømmer til båtbord) og emne til innved (røtter og greiner) er tatt ut av skogen må det sagast, barkast og stablast..... før den skumle "vårheso" kjem...........

Ettervinteren og våren er ei travel tid for mange, så også for båtbyggarar. På denne tida jobbar vi på spreng for å få gjort unna materialarbeidet før vårvarmen kjem med tørkesprekker og blåved. "Vårheso er namnet på dei varme og tørre vindane som kan komme kring april månad. Dei kjem med finvær og tørke. Det kan fort bli så varmt og tørt i lufta at materialane tar skade av det om dei ikkje allerede er saga og begynt å tørke. Ein gamal regel er at materialane må være stabla til tørk før påske. Men dei siste åra har vårheso kome svært tidleg og vi må difor være klar med dette arbeidet i god til før påske.

Her ligg ei rot på saga. Den er kappa i passe lengde og spylt med høgtrykkspylar. Det er godt å få vekk so mykje jord og stein som mogleg, dette er arbeid som slit på sagblada:(. 

Det er flott å sjå kor kraftige slike røtter kan bli i forhold til stamma. Her skantar vi av sidene på emnet for at det skal tørke betre og sprekke mindre. Tanken er å få det ned i så liten dimensjon som råd, i høve til kva emnet skal nyttast til. Om emna er unødvendig grovt saga vert det meir arbeid seinare, dei tar større plass, sprekk ofte meir opp og får fortare blåved. Kvart emne må vurderast og sagast litt ulikt dei andre

Denne luringen hadde ein inngrodd stein, så her vart det stopp på saga og bytte av sagblad.

Denne her er så tettvaksen ein berre kan ønske seg :)  sterk og seig. Får lyst til å bygge båt når eg ser slikt :)

Barking er eit viktig arbeid. All bark må vekk for å unngå "husdyr" i materialane.

Stablane veks sakte, men sikkert. Det neste etter saginga er å grovhugge halsane (vinda båtbord)til åttringen å få dei på tørk. Det må også være klart før eg kan ta påskefri.