logo

Når det går i surr.

Publisert:
06.12.2018

Eg har i stort sett brukt dagene til å måle opp båtar, sjå på båtar og studere måla eg har fått  med meg heim. Fantastisk lærerikt og gøy, men det kan fort bli mange tal i hovudet og kaoset lurer i krokene. Det varierer også mykje kor lett det er å få målt opp båtane.

Båtane eg måler opp og studerer står lagra på forskjellig vis. Nokre er lette å kome til, medan andre er svært vanskelige å få målt opp. Uansett er det greit å gjere arbeidet så bekvemt som mogleg. Ein god plass å skrive/ teikne er ein god start, og tiljene vert ofte til greie skrivebord.

Under oppmåling av brugdebåten på Hordamuseet råda reine luksusstemninga med varme, plant gulv, godt lys, tom båt, skrivebord og stol samt pepperkaker. Men dette er nok helst unntaket :)

I dette naustet fann eg eit gamalt understell til ein arbeidsbenk. Saman med ei sponplate som sto lent opp til veggen vart det reine langbordet. Det fekk til og med akkurat plass under ein flott gavlabåt ( notgavel). Jubel og fryd.

To stoler og ei tilje, så er det berre å begynne å jobbe.

Men så har det seg slik at nokre gonger så butter det i mot i øverste etasje. Hovudet vert fullt av tal og teoriar og halvtenkte tankar slik at dei beste tankane truer med å renne ut gjennom øyra. Då er det på tide med praktisk arbeid for å rydde opp. Å jobbe med skikkelig handfast arbeid er gull verdt. Undervegs i arbeidet legg dei andre tankane seg ofte på rett plass nesten av seg sjølv. Det er reint magisk. 

Heldigvis fekk eg nokre gamle sager av bror min for ei tid tilbake. Eg tenkte at dei kan vel bli brukbare sager igjen om eg berre filer dei opp att. Men så har eg innsett at eg ikkje kan noko som helst om dette. Eg har oppdaga eit kjempetomrom der oppsett og vedlikehald av handsag skulle ha vært. Eg er fødd inn i ein generasjon som kjøper ny sag på biltema om den eg har er skamskore på laminatgulv eller spiker. No då eg slit med fjerdedels tommar og femkvartar som svirrer rundt i skallen passar det utmerket å byrje å fylle igjen tomrommet der handsagoppsett og vedlikehald skulle vært. Det gjer meg viktig innsikt i sagens spanande verden og tid til å la fjerdedelane og femkvartane roe seg litt ned.

Eg har etter gode råd frå Trond Oalann starta med den dårlegaste saga slik at eg kan vente litt med å øydelegge dei som er i betre forfatning :) Har fått litt rettleiing over telefon, men treng nok bra mykje meir hjelp etterkvart i dette arbeidet. Eg har starta med å banke ut vikkinga på tennene og pusse vekk rust.

Deretter har eg filt saga oppå tennene for å rette opp saga/ gjere tennene like høge. Som de ser på bildet var ikkje alle like flink med filinga før heller. Eg synest det ser ut som desse tennene opprinnelig har vært delt opp i 1/4 inch. Om dette er vanlig eller rett veit eg ikkje endå.

Meir om filing av sag kjem etterkvart som arbeidet skrider fram. 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd