logo

Halsabord

Publisert:
22.04.2019

Sjølv om eg ikkje heilt veit korleis denne åttringen skal bli må eg hugge halsane ( namn på bordet framme og bak over kjølrenna/kjølen) til båten allerede no. Det er fordi eg tenker å starte bygginga av båten i september/oktober, og emna som vart tatt ut av skogen i vinter må ned i dimensjon for å tåle tørking og lagring til byggestart. Med det varme, fine vårværet vi har er det travelt med å få borda ferdig før dei vert øydelagd.

Eg har endå ikkje funnet ein rein åttring å måle opp. Eg må difor sjå på det som ligg nærast av båtar når eg skal lage halsaborda mine. Eg har sett på mål og form på halsaborda i denne brugdebåten frå Ågotnes.

Deretter har eg samanlikna det eg fann med halsane i denne litt mindre brugdebåten "Kvaringjæ" på Austevoll. Begge desse båtane har storleik til ein åttring.

Eg har prøvd å sjå for meg korleis halsane må huggast for å få eit slikt skap då eg legg dei i båten. ( bord nr.2 frå kjølen)

Under ser de hulinga på halsen til ein stor seksring. 

Her er ymse halsaemne saga i 3" tjukna. No er det "berre" å para dei slik at halsane på styrbord og babord side får samme kvalitet og eigenskapar. Dette gjer eg på same vis som når eg byggjer mindre båtar.

Eg har tatt ut ein skant etter mål og idear frå dei gamle båtane og nyttar den for å teikne ut profilen til halsane mine. Håpar eg ikkje er alt for langt vekke frå noko vetigt ;)  Eg skjær dei ut med motorsag.

Då eg kom til arbeidet med å teikne ut sjølve borda stoppa det opp.

Eg har tenke å hugge emna delvis i fasong, men eg får ikkje full vindsk ( vridning) på dei. Dette er ein måte å spare både materiale og arbeid på, men samstundes behalda tiltenke form og eigenskap. Vi veit ikkje kva tid båtbyggararne her starta med å "halvhugge" halsane, men det er i alle fall lenge sidan. Eg vil hugge delvis vindska og vri dei meir då eg set dei på båten. Dette gjer at eg må "lese" emna og sjå for meg korleis dei kjem til å oppføre seg då eg vrir dei. 

Heldigvis jobbar dei andre på Oselvarverkstaden med litt av dei same utfordringane for tida. Vi tok oss ein dags spontant arbeidseminar om emnet, og ingen av oss var sikre på korleis vi skulle gripe dette an. Då halve dagen var unnagjort kom ein av oss på at kanskje det var skrive ned noko om akkurat dette i notatboka hans...... og dustoreallverda, der stod det, nedskrive frå dei tidlege åra på oselvarverkstaden..... ei kort oppsumering av oppteikning av halsar til store båtar. Forklart av Harald Dalland. Og våre drøftingar tidlegare på dagen var i alle fall i nærleiken av det vi kunne lese i notisboka :) 

Streker å hugge etter på overside, underside og i bakkant. 

Bruker ei trelist for å legge opp ei linje eg trur vil fungere med "innløp og utlegg". Sponhaugen til høgre i bildet er til å grave ned emna i då eg ikkje jobbar. Det er så tørt og varmt i været at dette er eit kappløp for å ikkje få blåmann eller tørkesprekker. Våt spon er riktig bra for å holde på fukt og isolere mot varme.

Her er bilene eg vil hugge halsane med. Fra venstre: Ei mustadbile til grovhugging, ei kring 200 år gamal hordabile til finhugging, ei nysmidd hordabile eg skal prøve å lære meg å bruke. Det fantastiske her er at det berre skiller kring 350- 400 gram frå minste til største bile. 

Startar med grovhugging. hugger inn i emnet med omtrent samme djupna i hugga.

hugger vekk det eg har hugga opp.

Så er det breibila til finhugging. Eg krangla mykje med bila på dei første emna, men her på sistemann byrjar vi å bli venner  :)

No er det berre å håpe på at emna ikkje tørker fint.  

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd