Berit Osmundsen

 Naustet til Fjell kystlag på Ågotnes. Her er kontrastane store.

Gamalt og nytt.

Publisert: 23. nov. 2018

Tida som har gått sidan sist blogginnlegg har eg brukt til å måle opp båtar. Eg har også jobba ein del med å komme i kontakt med personar som eig, eller disponerer båtar eg vil måle opp. 

Eg har vært så heldig å få komme inn i lokala til fjell kystlag på Ågotnes ( Sotra). Her har dei ei flott båtsamling. Eg har ikkje starta oppmåling på båtar her enda, men laga meg ei oversikt over kva båtar som er interessante for meg å sjå nærare på. Dei har minst seks båtar eg vil måle opp og dokumentere med foto. I tillegg eig dei ei rekke andre båtar som har vært viktige på kysten. Eg tar hatten av meg for engasjementet og dugnadsinnstasen dei viser.

Eg har tatt bilde av nokre av båtane eg skal sjå nærare på i tida fram mot jul. Over ser de bilde av ein flott, velholdt oselvarseksæring med kjølrenne ( smal bordgang ved kjølen). Denne båten står med god tilkomst, eg kjem difor til å starte oppmålinga her med denne båten.

Over den første seksæringen heng denne vesle seksæringen bygd utan kjølrenne. 

Dei har også to ladromsbåtar som er svært spanande for meg å sjå nærare på. Eg har berre sett denne eine endå. Ladromsbåten på bildet er ein ombygd båt. Den er truleg bygd som stor seksæring eller liten åttring og bygd om til anna bruk seinare. Båten heng som de ser oppunder taket og er vanskeleg å jobbe med før den er sikra betre. 

Ladromsbåten sett framifrå. Stamn og øverste omfar ( bordgang på begge sider) er "nytt". Arbeidet som er utført under ombygginga er fint utført, og båten ser ut som den skal være slik.

Ladromsbåten sett inni.

Folk har til alle tider brukt det dei har hatt av kunnskap og resurser, og gjort det beste ut av det dei har hatt til rådvelde. Eg meiner dette er noko å ha med seg i bakhovudet for oss som jobbar med å ta vare på, og videreføre handverk og tradisjonar i dag. Skal handverket være levande må det også være rom for endringar og nytenking. Men ein må ha ein tanke om kvifor ein vil endre noko, og kva ein vil oppnå. For å ha klare tankar om slikt må ein først ha inngåande kunnskap og ferdigheit i det ein vil endre på.