logo
Ferdig kokt og vaska sauetalg.

Sauetalg

Publisert:
12.09.2018

Rensing og utkoking av sauetalg til smøring og impregnering av treverk i båtar.

Sauetalg er nyttig å ha til både gamle og nye trebåtar. det kan brukes til å tette sprekker i gamle båtar, og det kan kokast inn i treverk som smøring og vern mot vatn. Tredetaljar i riggen vil bli "sjølvsmørande" i lang tid etter å ha blitt kokt i sauetalg. Dette er informasjon eg har fått frå min læremeistar i oselvarbygging som diverre døde for fire år sidan. No får eg endelig prøvd utkoking og vasking av talg fordi eg etterkvart treng talg til båten eg skal bygge.

 

Talget som vert brukt er "nekkjo". Talget ligg som eit nett rundt magesekken til sauen. Då ein bonde i nærleiken måtte nødslakte nokre sauar var eg heldig å få "nekkjo" frå dei. Det er også godt talg rundt nyrene på dyra, men dette er av høgare kvalitet med mindre vev i. Det vil derfor heller bli brukt til mat, for eksempel forepølse. Etter at nekkjo er skylt i reint vatn skal den kokast i vatn til talget har svetta ut frå vevet det ligg i. Dette kan ta nokre timar. Når talget er kokt ut av vevet vert alt silt og det utkokte vevet blir kasta( hunden likte det forresten godt). Vatn og talg står så til kjøling til talget er stivna. Som de ser på det nederste bilde er talget fortsatt fullt av vevsrestar. difor må ein vaske talget ved å koke det i nytt, reint vatn. Vevsrestane vil då trekke vatn og synke til botn av gryta. talget må kjølast ned igjen og ein gjenntar prosessen til ein står igjen med reint talg.

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd