logo

Forarbeid til skoging.

Publisert:
10.09.2018

Før eg kan gå i skogen og blinke tømmer må eg vite kva eg skal sjå etter. Difor har eg sett på eit par ladromsbåtar og grovmålt bredder på emna eg må hugge i vinter.

På fredag forrige veke besøkte eg Hordamuseet. Dei har ein flott båtsamling der denne ladromsbåten på ca 14 3/4 norske båtalen står. Her fann eg mål på mykje av det eg treng. Heldigvis  finn eg ofte sprekker i borda slik at det vert lettare å måle bordtjukna. Eg var også ein tur til Austevoll for å sjå på ein gamal ladromsbåt der. Men som de kan sjå på det nederste bildet var det litt andre tilhøve enn på museet. Håpar å etterkvart få gravd fram denne båten for ein grundig oppmåling. Det er ofte slik at skattar som har stått i naust nokre generasjonar blir gravd ned i ymse pø. 

Content #9361: You do not have permission to view this Content

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd