Båtbyggerens blogg

Dette handlar om skog, sjø, nedarva kunnskap, formforståing og tradisjon.

Berit Osmundsen

Studietur til Mariehamn, Åland

Publisert: 18. feb. 2019

Det er ikkje all verdens mange personar i norden som jobbar med bygging av tradisjonelle, sua trebåtar. Då vert det desto viktigare å få dela tankar og kunnskap med dei som finnast. Difor har eg vært ein tur til Mariehamn på Åland for å hente kunnskap og inspirasjon. Der jobbar det ein gjeng med bygging av ei Ålandsk segeljakt.

Berit Osmundsen

Skogsarbeid.

Publisert: 5. feb. 2019

No har vær og føre spelt på lag med oss i 1 1/2 veke. Oselvarverkstaden har fått ut båtstokker for kring eit års produksjon, og eg har fått nesten det eg treng til åttringen. Furua på på bilda i dette innlegget har småskjella og lys bark, det viser oss at treet har mjuk og fjøral ved. Det er grunnlaget for å kunne bygge mjuke, fjørale og lette båtar. Treet er 260 år gamalt og godt og vel modent til båtbygging.

Berit Osmundsen

13 1/2 alen

Publisert: 29. jan. 2019

Sist veke var eg på ei øy på sørlandet som heiter Bragdøya. Der fekk eg lov til å måle opp denne interessante oselvaren på drøye 13 1/2 alen. Storleiken er som for ein litt liten åttring, men banda/spanta er truleg plassert med tanke på konkurransesegling.

Berit Osmundsen

Brugdebåt

Publisert: 11. jan. 2019

Denne brugdebåten er ein oselvar ladromsbåt som er spesialbygd til brugdefiske. Det er mykje mogleg at desse båtane har hatt oselvaråttringen som utgongspunkt for skapet (forma) dei har fått. Det intense brugdefiske på hordalandskysten pågjekk i ein knapp hundreårsperiode frå 1760 til 1850, etter 1850 var brugda vekke herifrå. Dei siste tiåra var det også berre ganske små individ å finne.

Berit Osmundsen

Får vi skogavær i år ?

Publisert: 8. jan. 2019

No er eit nytt år starta og det nærmar seg tid for skogsarbeid. Det gjekk med fleire dagar i 2018 for å leite fram skog med rett kvalitet og tre som er modne. Men no er trea blinka og det er berre å vente og håpe på godt skogavær. Vi treng god frost for å få ut nokre av trea, og hittil denne vinteren har vi for det meste hatt temperaturar rundt 0 til +6-7 grader.

Berit Osmundsen

Når det går i surr.

Publisert: 7. des. 2018

Eg har i stort sett brukt dagene til å måle opp båtar, sjå på båtar og studere måla eg har fått  med meg heim. Fantastisk lærerikt og gøy, men det kan fort bli mange tal i hovudet og kaoset lurer i krokene. Det varierer også mykje kor lett det er å få målt opp båtane.

Berit Osmundsen

Gamalt og nytt.

Publisert: 23. nov. 2018

Tida som har gått sidan sist blogginnlegg har eg brukt til å måle opp båtar. Eg har også jobba ein del med å komme i kontakt med personar som eig, eller disponerer båtar eg vil måle opp. 

Berit Osmundsen

Oppmåling av båtar

Publisert: 4. nov. 2018

For tida konsentrerer eg meg om å måle opp båtar. Eg vil skaffe meg så godt grunnlag som mogleg for å forstå "byggesystemet / måla" til båtane. Ikkje alle båtar er like greie å få målt opp.

Berit Osmundsen

Mål og meining 2

Publisert: 21. okt. 2018

No er eg snart klar til å komme ordentlig igang med å måle opp båtar. Første test av måleskissene mine. Føles bra!

Berit Osmundsen

Mål og meining

Publisert: 29. sep. 2018

Alnastavane gir svært begrensa informasjon om båtane. Det er likevel viktig å vite kva teikna på alnastaven tyder og kvar måla høyrer til på båten.

Utforsk bloggen