logo

With a little help from my friends

Publisert:
07.08.2018

Der hadde Beatles så rett, så rett. Vener er uvurderlege. Eg har nemleg lege vaken og tenkt på kor eg skal få tak i ordentleg messing. Det er ikkje det enklaste. Vanleg gul messing som me får i handelen inneheld 28 % sink og 72 %  kopar, er kortsponande og sprø. Bartholomeus Girandoni  hadde det same problemet i  1780-åra, så eg er ikkje åleine. Men eg er ikkje sikker på om han hadde slike medhjelparar som eg….

Tambak! Det er løysinga. Eg bråvaknar og legg merke til at eg har sovna med ullsokkane på og at varmeflaska har falle ut av sengja. Tambak, tambak, tambak…. Kanskje ordet ”tambak” høyrest ut som  eit naturreservat i Nord-Finland, men det er faktisk noko heilt anna: Tambak er nemleg ei herleg, gullfarga, langsponande messinglegering med berre 2 0 % sink. Det er den same legeringa som me finn i riflehylser. Men kor i alle dagar skal eg få tak i så mange hylser? Eg ringjer Oddvar, han er sjef på skytebana. ”Ingen problem” er svaret. ”Er du heime i morgon litt før sju?”  ”Ja”, svarar eg nølande.

Fem på sju neste morgon dundrar ein sylvgrå Dodge Ram inn på tunet. Ut kjem Oddvar med ei tilitersbøtte full i Normahylser, over  ti kilo med emne til låskasse og beslag til Girardonirifla. Oddvar er  fantastisk, og har til og med fjerna tennhettene ,  slik at messingen skal  vere mest mogeleg rein.

 

Eg hadde på førehand tinga inn eit par diglar frå Kina, dei såg flotte ut og var laga i rein karbon. Supert, tenkjer eg, legg  fyrste digelen  i omnen, fyrer i brennarane og plystrar tilfreds.  Men gleda er kortvarig: Eg når ikkje eingong 800 grader Celsius før digelen kollapsar og messingen fell ut. O katastrofe! Eg sløkkjer for brennarane, kjøler ned digelen og undersøk saka:

Det viser seg at veggen på eine sida er tjukk og den andre tynn som papir. Dette hadde eg ikkje rekna med. Kanskje det var tilfeldig?  Eg prøver den andre digelen, men det same skjer ein gong til. No slit eg.  Kva no? Frå før har eg ein ståldigel som eg har smelta bly i, men den er for tynn i veggen, så eg brenner hol i han også. Ståldiglar kan sveisast, så eg får reparert digelen. Men smelte messingen? Houston, me har eit problem.

Min gode venn Jostein kjem med løysinga: Han var innom med nokre avfallsprodukt frå oljeindustrien, vernehetter for rør i høglegert stål. Dei er ti cm høge og har tjukk botn i stål. Hettene skulle kastast, så eg fekk ein kasse med femten stk  gratis. Og Jarle, Gud signe han,  var her med to spann med oljekoks frå Mongstad . Eg byrjar å få ein idé…

Nokre minutt seinare er eg i full gong: Den gamle feltessa som eg restaurerte på grunnkurs mekanisk for mange år sidan kjem ut av vedskuret, katten får i  stundens eufori ein ekstra boks Whiskas og eg får kveikt opp: Det legg seg ein tjukk, gul røyk over tunet og eg legg dugaleg på med oljekoks. Godt at dei har CO2 fangst på Mongstad, tenkjer eg.  Minidiglane grev eg ned i glohaugen. O lukkestund! Snart kjenner eg lukta av sink og ser messinghylsene forsvinne i det lyseraude stålet. Kanskje det var dette John Lennon og Paul Mc Cartney tenkte på då dei skreiv: ”Oh, I get high with a little help from my friends.” Eg merkar eg vert litt smårusa av miksen av sinkgass og oljekoks, men messingen smeltar, og eg plirar med augo. Steike, det er heitt.

Dei kaputte karbondiglane sagar eg over med ei baufil og brukar dei til støypeform: Eg set dei på ein eldfast stein som underlag og tyngjer dei ned med vekter. Dette går som ein draum. Med koksskuffa ausar eg opp messinghylser. Hadde nokon sett meg no, ville dei sikkert sagt: "Sjå der,  ein tiåring med femhundrelapp i smågodtavdelinga til Europris". Smågodt, ja. Dette er smågodt. Og stipendiaten er lukkeleg.

Den fyrste akslingen ser bra ut. Eg kjøler han godt ned,  spenner han opp i dreiebenken og tek eit prøvekutt. Du milde måne! Dette hadde eg ikkje trudd: Nett som gull. Tett og nesten heilt porefri. O ekstase! No har eg emne til ventilsetet for Girardonirifla. Tid for sigersdans i verkstaden. Katten trur eg har gått frå vitet, og eg kan forstå han.

For ei herleg kjensle. Tyskarane kallar støyping for ”Das Urformen”. Eg byrjar å skjøne kva dei meiner.  For kun kort tid sidan var akslingen utskotne riflehylser i ei plastbøtte.

Rett etterpå  durar det ein gammal raud Hilux inn på tunet.  Jarle kjem smilande med  ein sekspakning Ringnes  og  seier: ”Høyrde du hadde bursdag, kompis.”  Eg vert heilt still, smilar breitt i det sotsvarte andletet mitt og feller ei tåre.   Jarle ser på meg og utbryt:”Alf, gret du? Kvifor det?”  ”Røyk”, lyg eg. ”Det er den oljekoksen, veit du.”

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...