logo

Vegen sørover - del 2

Publisert:
23.11.2017

Livet byr på overraskingar. Eg kom til våpenmuseet i Suhl ein onsdags morgon og trudde eg var budd på det meste. Men det som møtte meg i verkstaden til ein smilande museumskurator og børsemakarmeister gjorde meg mållaus...

Onsdag den 1.november 2017:. Eg har fått ein varm kopp te innabords, skrapt is av frontruta på Hiluxen og køyrer gjennom søvnige små landsbyar forbi enger og åkrar mot Suhl. Nede i sentrum svingar eg av mot elva Lauter, ein liten bekk som i si tid likevel hadde kraft nok til å drive seks hammarverk for smedane i byen. I 1563 leverte  seks smier og slipemøller ved Lauter emne til fem hundre børsemakarmeistrar i byen. I løpet av arbeidsåret 1595 leverte dei små verkstadane i Suhl 27000 våpen til heile Europa. Korleis såg byen ut då? Kven gjekk her i gatene? No er det ingen smier att, berre ein bilforretning som sel folkevogner og ein parabolbutikk. Men det lyser i tredje etasjen hjå kurator Michael Dürkoop. Han er oppe og vinkar til meg bak blomstrete gardiner.

Dette er eigentleg ein porselensfabrikk, nærmare bestemt porselensfabrikken til Schlegelmilch, kjent for papirtynne, lekre luksusservis med handmalt dekor og gullrand. Originalt Schlegelmilch porselen går for skyhøge summar på auksjonar i USA, høgare enn dei berømte Meissner servisa,  men eg er ikkje her for å studere porselen....

Michael gjev meg ein bjørneklem. Me har kjent kvarandre sidan 2004 då eg kom hit som praktikant for fyrste gong. Då restaurerte me perkusjonsvåpen frå Danzig med damastløp og innlagt gull, filte ut hanar med drakehovud og boltra oss i gamle handverksteknikkar. No smiler han. Når Michael smiler er det ein grunn. Det er alltid ein grunn. Og grunnen ligg på arbeidsbordet:

To? Hæ? To Girardonirifler? Ikkje berre ei? No mister eg munn og mæle. Eg kastar av meg ryggsekken, hiver på meg forkleet og er i gong: Jauvisst. Den eine rifla er ei modifisert Girardoni med glatt løp, magasinfjøra er ikkje original og siktet er etterarbeidd. Det manglar nummer på låskassen og systemet har sett betre tider. Likevel , det er ei original Girardonirifle, og det er i seg sjølv eit mirakel, ettersom dei fleste forsvann på slagmarka. Men lufttanken er original. Flott. Den andre rifla er også ei original Girardoni, men serienummeret er .....0 4 2!  Eit så lågt serienummer har eg aldri høyrt om, ikkje i nokon skrifter eg har lese om emnet. Dette er fantastisk!!! Eg knip meg i armen og bit meg i fingeren, men det står framleis 042 på låskasssen. Framme står bokstaven "G" for "Girardoni" saman med det keisarlege austerrikske våpenmerket, ørna med dei to hovuda. No er det på tide å setje seg ned og trekkje pusten. Denne rifla vart laga før 1782, for då var Girardoni ferdig med dei fyrste 59 eksemplara, det skreiv Ulrich Eichstädt i ein artikkel av det tyske fagbladet "Visier".  Michael ser på meg: "Eg lova vel ikkje for mykje? Skal me prøve å demontere vidunderet? " Han viftar med eit stort skrujern. "Slapp av. Eg har klart det meste. Men ventilen i flaska er skikkeleg komplisert..." 

Her trengst det ei lita forklaring: Rifla vert driven av komprimert luft, og "flaska" som samstundes gjer nytte som kolbe, lagrar denne komprimerte lufta under høgt trykk. Ventilen held trykket oppe og fungerar som einvegsventilen i ein klassisk primuskokar: Pumpar me meir luft inn i flaska, aukar trykket. Når ein klemmer i avtrekkjaren, slår hanen ned og trykkjer ei nål mot ventilspissen som i sin tur går inn såpass at ei lita mengd luft vert frigjort, nok til å blåse prosjektilet ut av rifleløpet med stor kraft. 

Michael må til med ultralydbad for å mjukne opp delane. Etterpå bles me ventilhuset med glasperler og varmar det forsiktig opp. Etter ei stund får me gjengepartiet av, uskadd. Dette er vakkert: Spiralfjøra er vikla av hard messing  for å minimalisere korrosjon i eit konstant fuktig miljø. Det er framleis godt spenn i fjøra etter over 200 år. Ein annan genistrek er den firkanta stilleskruen på ventilstanga. Med den kan ein stille inngrepet på konen på ventilnåla som stengjer mot ventilsetet og på den måten finstille tetningsflata. Sjølve ventilsetet er forma som ei flate, ikkje som ein radius.  G.Baker og C. Currie hevdar i si bok "The Construction and Operation of the Air Gun- Volume 1" det motsette og eg kan med eit gledesrop falsifisere hypotesen til engelskmennene: Er dette nemleg ei flate og ingen radius, vil setet utan tvil tette betre. Vinkelen er nøyaktig 60 grader og dannar hypotenusen i ein tenkt rettvinkla trekant, altså den lengste sida. Ei lang flate vil utan tvil fordele trykket betre over eit mjukt pakningsmateriale som skinn. Vinkelen på 60 grader gjer det også mogeleg for slagfjøra å presse inn ventilen sjølv om trykket på flaska er veldig høgt. Genialt. Er vinkelen større, vert slagfjøra for svak. Raffinert.  Og dette er ikkje nok: Små trekanta hakk er synlege i ventilinnsatsen til høgre. Hakka er hogne  med ein trekanta meisel, som ein graveringsstikkel. Slike hakk vil gje betre tetting mellom dei runde skinnpakningane og messingen, fordi flata naturleg nok vert større og skinnet vert trykt inn i dei små porene. I bøkene vart det hevda at ei god luftflaske skulle klare å halde konstant trykk i ein månad for å verte godkjent. Eg trudde  dette var oppspinn, men no byrjar alvoret å demre...I dag ville me ha brukt ein o-ring av gummi, men o-ringen vart ikkje oppfunnen før i 1946...Nesten to hundre år tidlegare hadde ein austerriksk klokkemakar takla problemet. Imponerande.  Men kva for smøremiddel brukte dei på skinnpakningane for å halde dei elastiske? Tyske Bechstein skriv om ein salve som han kallar "Speisse", som er ei blanding av annanrangs olivenolje og vatn. Men det står ingenting om korleis ein løyste opp olivenolje i vatn. Som kjent er olivenolje hydrofob. Hm. Eg legg hendene mine på over to hundre år gammalt lær og kjenner etter:  Pakningane på rifla er framleis elastiske. Imponerande. Korleis kan dette gå an?   

Det er ein bitteliten og svært audmjuk stipendiat som forlet magasinet på museet denne fyrste dagen. Eg trudde omgrep som "kompleks enkelthet" var pseudofilosofisk nonsens som kunstnarar med tjukke sjal og grove hornbriller pakka inn utilgjengelege uttrykksformer i , men dette var  konkret. Veldig konkret. I prinsippet var ventilen enkel, men det var i prinsippet, det...No hadde eg noko å drøfte med mentoren min, Karl Wolf. Han var sikkert heime i verkstaden sin og arbeidde på spreng: Ein av deltakarane på det tyske landslaget i paralympics hadde nett vore innom.  Ho ville ha spesialtilpassa eit skjefte til eit luftvåpen for biathlon og Karl fekk berre to dagar på oppdraget.  Kunden har det siste ordet. Berre å gje gass på Autobahn og dure sørover mot  Henneberg. Sola går snart ned over åsane sør for Meiningen.  Klokka er halv fem, me har minst fire timar med arbeid føre oss. Handverkarar Held i Hop, og eg må vise at det er meir enn berre bokstavrim. Filhaugen ventar...

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...