Alf Helland

Ran an die Arbeit!

Publisert: 10. feb. 2018

Eg og den ni år gamle dottera mi har ein ting felles:  Me diggar Pippi Langstrømpe. Eg får meir tru på meg sjølv når eg høyrer henne seie: "Det har jag aldrig provat förut, så det klarar jag säkert!" Å rekonstruere Girardonisystem har, såvidt eg veit, ikkje vore gjort i Europa sidan 1830-talet, så eg føler meg litt på gyngande grunn her eg står. Men - klarte Pippi pluttifikasjonstabellen, så klarar me det her. Nemleg....

Biletet med underteksten "Ran an die Arbeit" ( "Til verks!") står på verkstaddøra mi. Det seier mykje. Ikkje det at eg har fordomar. Fordomar er sjølvsagt noko dei andre har, ikkje eg. Neeeiii. Men pølsetyskaren med selebukse og ølflaske får meg til å tenkje: Skal me få dette til,  må me tenkje heilt nytt og gje gass. Dersom me skal rekonstruere låskassen på ordentleg vis, må han støypast. Ergo treng me ein omn. Omnen kan eg ikkje ha i kjellaren saman med dreiebenken. Der er det ikkje plass, og barnerommet ligg rett over, så skorne til Barbiedokkene vibrerar på golvet når spindelfarten på min Triumph 2000 kjem over 450 rpm. Ergo treng me eit bygg. 

Punkt nummer ein er å starte på bygget: Eg planerar ei flate utanfor lagerhallen min på tomta og set opp ein ringmur av Leca. Material tll ramme og sperr får eg frå Mesta A/S som skal kaste ein heil del forskalingsmaterial. Takk, Mesta! Eg går på med krum hals og riv av spikerplater så flisane fyk, set opp ei ramme, lagar sperremal og kjem i gong. 

Dei fleste dagane er det temmeleg fuktig utandørs og det er ikkje trong for drikkepausar, ettersom regnet kjem inn horisontalt under hjelmkanten. Det går difor kjapt å få sutak og plater på, for det er temmeleg motiverande å komme under tak.

Når taket er på plass og snøen kjem er det stor jubel. Det er ei herleg kjensle når det sluttar å drype frå nasetippen. Mønekjølen kom på ein laurdagskveld i snøkavar. Å sitje over skrevs på mønet i oljeklede ein par timars tid gjorde meg ei erfaring rikare.  Det var ikkje fritt for at tankane gjekk til Donald Duck og #metoo då eg omsider hadde vralta meg ned frå aluminiumstigen og kom meg i hus. 

Så var det omnen: Dette kom til å verte svært. Omnen måtte vere stor nok til å ta eit løpssett på 75 cm, og så store omnar hadde eg ikkje i min omkrins. Med andre ord: Her var det tid for muring. Tanken slo meg: Alf, er ikkje du børsemakar? No har du fuska deg inn i tømrarfaget og så skal du lefle med murarfaget? Men-børsemakaren er ein allsidig problemløysar, det har han alltid vore, og til og med John Moses Browning murte gavlveggen på sin eigen verkstad borte i Ogden, Utah, i si tid. Tyskarar ser på slikt som barnelærdom, dei er alle fødde med  flyndreskei i neven, er oppfostra i ein murarstamp på bratwurst og fatøl, får si fyrste selebukse i treårsalderen og har tommestokk på baklomma. For dei er dette noko heilt naturleg. Heldigvis har eg ei tysk kone som har vakse opp nede i Bratwurstland og måtte gjere rein murskeiene til pappa. Obs: Her kjem ei åtvaring: Kjøp i k k j e skiferhammar som morsdagspresang. Då kan du ende opp med ei saftig tannlegerekning. Men har du tysk konemor, spør henne om tips. Jawohl!

Eg sette med ned med blokk og blyant og laga ei skisse: Skrekk og gru. Det kom til å gå med over 300 teglstein og nesten 100 eldfaste chamottestein på omnen. Mursenteret i Bergen måtte rykke ut med over 600 kilo mørtel og den gamle Land Roveren min var temmeleg lett på rattet då eg seig heimover med side skvettlappar og sveitte hender. Alf, kva har du gjort no?

Akkurat no er eg komen til skift nummer 8 med hardt brent dansk tegl, har starta å snakke høgt på dansk med meg sjølv og drøyme om fredagspils. Ungane ristar på hovudet. Eg trur dei har gitt meg opp, for pappa er berre ute i bua og murar. Dei einaste gongane pappa kjem ut, er når han luktar pannekaker til middag eller ventar nye forsyningar med mørtel. Ofte stemmer han i med Poul Dissing: "tre pilsnere i en snooooooor, efter en bååååååååd".