logo

Og då er rådyra gode...

Publisert:
17.06.2018

Av og til går ikkje ting heilt som dei skal. Og du veit ikkje heilt kvifor.

Då er det godt å ha erfarne fagfolk rundt deg. Eg stod med ein klump messing som hadde vorte eit perfekt utgangspunkt for ein låskasse, hadde det ikkje vore for eit søkk i bakre enden som gjorde emnet mitt til skrot. Då er det eitt å gjere – ta kontakt med fagfolka….

Det er den 21.mai om kvelden: Eg sit på Flesland lufthavn, Bergen,  med ein messingklump i bagasjen. Viss eg  er heldig får eg han gjennom bagasjekontrollen: Fyrste støypeforsøk. N e s t e n  vellukka, men ikkje heilt. Eit lite hol der messingen ikkje ville flyte. Og eg skjønar ikkje kvifor. Kva skjedde?

 

Men det ser Kaare:

 Kaare Ramberg, gjørtlar i Nidaros Metalvareverksted på Bakklandet i Trondheim, tek i mot meg i verkstaden sin dagen etter. Han kikar på meg over brillene sine, smiler skjelmsk og påpeikar : ”Alf, det der er for lavt nedløp, for liten kanal inn til emnet. Og – du må lufte forma. ” Han peikar på ein ståltråd som heng i vindauget der han pakkar formene. ”Den strengen e fra 1917. Den bruk æ. Fungerer fint, den, sjø” .

Her kjem noko det er vanskeleg å forklare: Du kan reise med fly, komme til ein by, vandre inn i ein verkstad du aldri har sett før og møte menneske du aldri har møtt før, men likevel: Du er heime. HEIME. For du er mellom handverkarar, ikkje retorikkvane politikarar som kjem med ord som ”verktøykasse” men aldri har teke i ein pusshøvel. Eg kjenner meg umåteleg heime nede i kjellaren til Kaare og Bent: Her vert det arbeidd med hendene. Ingen kvitsnippa papirflyttarar her.  Verkstaden er impregnert med over hundre års medgang og motgang, prøving og feiling, jubel og gråt.  Røyken frå den dieseldrivne støypeomnen til Kaare spreiar seg i det vesle rommet. Tårene mine trillar. Det er ikkje på grunn av røyken, som eg ekstatisk inhalerar lik ein kjederøykjar etter tre veker utan sigarettar, men fordi eg  har funne fram til ekte menneske. Ekte menneske som delar sin kunnskap. Ekte menneske som elskar sitt handverk og som har eitt einaste, brennande ynskje: Å kunne utøve sitt yrke som andre menneske og kunne leve av det. Ikkje tene seg rik, men kunne leve av det.  Er det noko urimeleg krav?

Neste dag er det samling i LItteraturhuset i Trondheim, ”Løfte håndverket”. Og viss det er nokon som verkeleg kan løfte handverket, så er det Kaare og Bent Ramberg. Tårene mine trillar no også. Men no kan eg ikkje skulde på dieselrøyken, så eg latar som eg har fått eit rusk i auget. Etter foredraget kjem Bent til meg, gjev meg eit skikkeleg handtrykk, ser meg inn i augo og seier: ”Alf, er det noko du treng, så ring oss. ”

Eg trur omgrepet ”rikdom” treng ein ny bruksdefinisjon.  Sjeldan har eg kjend med så rik som no. Og forbaska stolt. Eg kan setje meg på flybussen til Værnes med ny kunnskap, ny innsikt og nye visjonar.  Ikkje vanskeleg å ta mopedlappen når du har Michael Schumacher som køyrelærar. Nei, no må me heim og lage former. Takk, Kaare og Bent!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...